Carl Aas
Utsjånad
| Carl Aas | |||
| Fødd | 16. november 1866 | ||
|---|---|---|---|
| Død | 28. mai 1930 (63 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Carl Herman Aas (16. november 1866–28. mai 1930) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Hurum i Buskerud. Han var stortingsmann 1900-06 for Høgre/Samlingspartiet.
Aas var son til ein gardbrukar. Etter litt ekstra skulegang og eitt år ved høgre landbruksskule, overtok han i 1897 farsgarden i Hurum. Han var medlem i heradsstyret frå 1893 og vart omgåande vald til ordførar, eit ombod han hadde til 1901. I tillegg var han ordførar i forstandarskapet til den lokale sparebanken. Aas var medlem i Stortinget frå 1900 til 1906, vald frå Buskerud. Den fyrste valperioden var han medlem i Gasje- og pensjonskomiteen, i den andre perioden i Budsjettkomiteen. I 1905 var han med i Spesialkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Svelvikposten 6. juni 1930