Carl Arnoldus Müller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Arnoldus Müller

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. desember 1818
Trondheim
Død

21. august 1893 (74 år)

Yrke omsetjar, politikar
Språk norsk
Medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Carl Arnoldus Müller på Commons

Carl Arnoldus Müller (20. desember 181821. august 1893) var ein norsk skulemann og politikar frå Trondheim. Han var stortingsmann 1871-73.

Müller var son til ein apotekar. Han vart student frå katedralskulen i heimbyen i 1837 og underviste ved Møllers institut 1838-40. Dei to neste åra var han huslærar i Christiania og så lærar ved Hartvig Nisssens latin- og realskole 1843-51. I 1844 tok han cand.mag.-eksamen. Frå 1851 til 1874 var han rektor ved katedralskulen i Trondheim, sidan i tilsvarande stilling ved katedralskulen i Christiania.

Müller var medlem i Trondheim bystyre i fleire år og visepreses i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. I 1865 var han medlem i ein kommisjon som såg på «de høiere skoler» og i 1884 var han formann i «undervisningseksepeditionen». Perioden 1871-73 møtte han på Stortinget som fyrste varamann frå valkrinsen Trondheim og Levanger, då den valde Frederik Lorck sa frå seg valet. Han var sekretær i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]