Carl Berners plass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°55′34.126″N 10°46′33.406″E

Carl Berners plass
Trafikkskilt for den firkanta rundkøyringa på Carl Bernes plass ved innkøyringa frå Grenseveien.

Carl Berners plass er ein plass og eit knutepunkt for både biltrafikk og kollektivtrafikk i Bydel Grünerløkka i Oslo, sør for Sinsenkrysset og Sinsen. Både plassen og stroket kring plassen vert ofte omtalt som Carl Berner.

Namnet fekk plassen i 1934 som ein heider til venstrepolitikaren Carl Christian Berner (1841-1918), som var stortingspresidentunionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst i 1905.

Mange gater møtast på plassen i ei firkanta rundkøyring. Gjennomfartsåra Ring 2 går over plassen, og det same gjeld trikkelina mellom sentrum av byen og Sinsen. Tidlegare gjekk òg riksveg 4 over Carl Bernes plass, men har no Mailundveien som trasé. I Grenseveien, eit par hundre meter aust for plassen, er det nedgangar til stasjonen Carl Berners plass på T-banelinene Grorudbanen og Ringen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]