Carl Bugge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Bugge

Fødd13. september 1881
Heddal
Død4. april 1968
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkegeolog
Alma materUniversitetet i Oslo
BarnJens Andreas Werenskiold Bugge

Carl Bugge (fødd 13. september 1881 Heddal, død 7. april 1968) var ein norsk geolog.

Han starta på bergstudiet ved Universitetet i Oslo (Kristiania) i 1900 og tok bergeksamen (can.min) i 1903. I 1904 vart han amanuensis hos professor L. Vogt ved Metallurgisk laboratorium. I 1906 studerte han i Hamburg, samstundes som han var assistent ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU). Bugge vart myntmeister på Kongsberg frå 1907 til 1921, men heldt fram med dei geologiske undersøkingane sine og i 1918 vart han Dr. philos. med avhandlinga Kongsbergfeltets geologi. Som myntmeister var han med på å modernisere myntsystemet, og mellom anna innførte Noreg nikkelmyntar etter hans forslag. Han var òg medlem av bystyret i Kongsberg.

Frå 1921 til 1951 var han direktør ved Noregs geologiske undersøkingar (NGU) 1921–51. Han heldt då fram med vitskaplege arbeid, mellom anna med geologiske gradteigskart for Hemsedal og Gol. Som pensjonist heldt han fram det geologiske arbeidet og publiserte i 1954 avhandlinga Den kaledonske fjellkjede i Norge, som var ei samanstilling av dei geologiske observasjonane han hadde gjort gjennom livet sitt. Avhandlinga var nyskapande og han hevda mellom anna at fjellkjedefoldinga gjorde at bergartane låg invertert, altså at dei eldste bergartane låg over dei yngre bergartane. Han vart sterkt kritisert for denne påstanden då avhandlinga kom ut, men seinare forsking viste at Bugge hadde rett.

Han var gift med Catharine Werenskiold, dotter til målaren Erik Werenskiold.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Eit utval av verka som Carl Bugge publiserte.

  • Kalksten og marmor i Romsdals amt, i Norges geologiske undersøkingar si årbok 1905, 1905
  • Studien über Kugelgesteine. I. Der Kugelnorit zu Romsaas, VSK Forh. 1906 nr. 8, 1906
  • Rennebu. Fjeldbygningen inden rektangelkartet Rennebus omraade, Norges geologiske undersøkelse 56, 1910
  • Petrographische Resultate der 2ten Fram-Expedition, 1910
  • Lagfølgen i Trondhjemsfeltet, i Norges geologiske undersøkelse årbok 1912, 1913
  • Kongsbergfeltets geologi, dr.avh., Norges geologiske undersøkelse 82, 1917
  • Hemsedal og Gol. Beskrivelse til de geologiske gradteigskarter E 32 v og E 32 ø, Norges geologiske undersøkelse 153, 1939
  • Den kaledonske fjellkjede i Norge, Norges geologiske undersøkelse 189, 1954

Kjelder[endre | endre wikiteksten]