Carl Ferdinand Andresen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Ferdinand Andresen
Fødd 24. juni 1824
Christiania
Død

14. februar 1890
Arendal

Yrke bergmeister, direktør, politikar

Carl Ferdinand Andresen (24. juni 182414. februar 1890) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Kristiania.

Han var son til kjøpmann Nicolai Andresen. Etter han vart student i 1841 utdanna han seg til cand.min. (bergvitskap) i 1846. Frå 1849 arbeidde han i ymse stillingar ved Kongsberg sølvverk, sist som hytteskrivar frå 1854. Tiåret 1856-66 var han driftsstyrar ved «Vinorens sølvverk» I 1866 byrja han som direktør ved Kongsberg sølvverk, administrerande direktør 1869-85. Til sist tollkasserar i Arendal fram til han døydde i byen i 1890.

Andresen var i 1865 medlem av kommisjonen om Kongsberg sølvverk, i 1865 av kommisjonen om pengestellet, og i 1875 formann i kommisjonen om bergverkslova. Han var ordførar i 1865 og styreformann («direktør») i den lokale sparebanken.

Tingbolken 1871-73 representerte han KongsbergStortinget, der han var sekretær i næringskomite nr 1. Perioden 1880-82 var han varamann for same valkrinsen, møtte i 1881- og 1882-sesjonen i staden for avdøde Jens Landmark. Han var då medlem av militærkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]