Carl Friedrich Bøbert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Friedrich Bøbert
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. januar 1804
Hettstedt
Død

11. januar 1869 (64 år)
Kongsberg kommune

Yrke politikar, mineralog
Språk norsk

Carl Friedrich Bøbert (19. januar 180411. januar 1869) var ein tysk-norsk bergverksingeniør og politikar. Søren Georg Abel var svigerfaren hans, Jacob Otto Lange svigersonen.

Bøbert var fødd i Hettstedt i Tyskland, der far hans var bergmeister. Han gjekk latinskulen i Bernburg og gjekk så tre år i praksiskurs ved ulike bergeverk i Tyskland. Vidare studerte han etter tur ved bergskulen i Clausthal, universitetet i Halle og bergakademiet i Freiburg. For å gjere seg kjend med høgare administrasjon var han ei tid tilsett som auditør ved det kongelege gruvekontoret i Freiburg.

I 1827 innvandra Bøbert til Noreg då han av Benjamin Wegner vart rekruttert til bergmeister ved Blaafarveværket i Modum. Saman med Wegner og hytteinspektør Friedrich Roscher var han ein av dei sentrale personane i leiinga av Blaafarveværket under verket si stordomstid som Noregs største industribedrift og verdas leiande koboltprodusent i fyrste halvdelen av 1800-talet. I 1839 vart han fyrstedirektør ved Kongsberg sølvverk, ei stilling han hadde til han døydde.

Bøbert var ordførar i Kongsberg i 1852 og stortingsrepresentant for byen i 1865-66. På Stortinget var han medlem av næringskomite nr 1.

Han døydde på Kongsberg i 1869.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]