Carl Geelmuyden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Geelmuyden

Fødd19. mai 1859
Død7. juli 1942 (83 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
FarIvar Geelmuyden
Alle verv

Carl Victor Emanuel Geelmuyden (19. mai 18597. juli 1942) var ein norsk skulemann, ordførar og stortingsmann for Venstre, fødd i Fredrikshald. Ivar Geelmuyden var far hans.

Geelmuyden vart student frå Bergens katedralskule i 1876, cand. mag. i 1885. Han var lærar ved Hamar skole frå 1886, og 1892-93 adjunkt i Tromsø. Perioden 1893-1908 var han overlærar ved folkeskulen i Bergen. Frå 1908 rektor ved Tanks skole i Bergen.

Geelmuyden var medlem av Bergens bystyre frå 1899, periodane 1907-10 og 1914-16 var han ordførar. Skulstyreformann i Bergen frå 1911, forlikskommissær frå 1908. Valbolken 1900-03 var han 4. representant frå Bergen og partiet Venstre på Stortinget. Han var medlem av jarnbanekomiteen og i 1903 av den utvida budsjettkomiteen. Permittert i ni veker vårsesjonen 1901 (februar-april) grunna sjukdom.

Han var medforfattar til fleire bokverk om Bergens historie.