Carl Gustaf Armfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Gustaf Armfeldt
Carl Gustaf Armfeldt.jpg
Carl Gustaf Armfeldt måla av David von Krafft.
Fødd 9. novemberjul./ 19. november 1666greg., Ingermanland
Død 24. oktoberjul./ 4. november 1736greg.
Handteikna kart over ruta til armfeldttoget frå Sverige inn i Trøndelag.
Frå Nasjonalbiblioteket.

Carl Gustaf Armfeldt (19. november 166624. oktober 1736) var ein svensk militær, general og friherre som tok del i den store nordiske krigen.

Armfeldt var son av Anna Elisabet Brakel og oberstløytnant Gustaf Armfelt, som blei adla i 1648. Han blei korporal som syttenåring ved Nylands kavaleri.

I 1685 drog Carl Gustaf Armfeldt til Frankrike for å fortsetja utdanninga si ved regimentet til prins Ferdinand av Fürstenberg. Etter tolv år vende han tilbake til Sverige som kaptein, og kom til den finske hæren som generaladjutant i 1701. Der blei han verande under den store nordiske krigen, (1700–1721). Han blei utnemnd til øvstkommanderande for den finske hæren i 1713. Under den langvarige krigen utmerkte Armfeldt seg ved fleire høve, særleg under forsvaret av Helsingfors i 1713 og i slaget ved Storkyro i 1714, som likevel ende med nederlag.

Armfeldt blei utnemnd til generalløytnant i 1717 og overtok kommandoen over hæren som året etter angreip Noreg for å innta Trondheim. Angrepet på sjølve Trondheim by kom aldri, og felttoget blei kjent for sin sørgjelege utgang. Under tilbaketoget til Sverige tok soldatane den næraste vegen over fjellet, og i dagane frå 1.jul./ 12. januargreg. til 3.jul./ 14. januargreg. i 1719 kom dei ut for ein snøstorm mellom Tydal og Handöl i Sverige. Mange gjekk seg vill, og mesteparten av hæren fraus ihel i ei hending som er blitt kalla den karolinske dødsmarsjen.

I 1719 blei Armfeldt utnemnd til landshøvding i Viborgs län, men tiltrådde aldri embetet. Han blei friherre i 1731 og general for infanteriet i 1735. Armfeldt døydde 24. oktoberjul./ 4. november 1736greg. på herregarden sin Liljendal i Pernå sokn i Finland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hansson, Anders (1995): Karolinernas dödsmarsch. Östersund.
  • Kjørmo, Torbjørn (1999): Etter kongens ufravikelig ordre. Huitfeldt forlag.
  • Korstad, Reidar (1984): Armfeldt og Karolinernes innfall i Trøndelag 1718. Stjørdal. ISBN 82-7358-000-8
  • Nilsson-Tannér, Per (1969): Dødens drabanter. I Armfeldtskarolinernas spår genom Tröndelagsbygderna. Østersund.
  • Nilsson-Tannér, Per (1968): Karolinernes Dødsmarsj. Trondheim.
  • Rolseth, P. O. (1950): General Carl Gustaf Armfeldst hærtog mot Norge. Utgitt i samarbeid mellom forfatteren og Selbu og Tydals Historielag. Oslo.
  • Schenström, F. (1890): Armfeltska karolinernas sista tåg. – Gamla minnen från jämtlanska og norska fjällbygder. Stockholm.
  • Øverland, O. A. (1891-1895: Norges historie. Femte bind. Kristiania. (Se sidene 738 – 758.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]