Carl I. Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Carl Ivar Hagen)
Carl I. Hagen

Carl I. Hagen
Foto: FrPMedia
Fødd6. mai 1944 (79 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (ukjend; 1974), Reformpartiet (1974; 1975), Framstegspartiet (mai 1975)
Yrkepolitikar
Utdanna vedUniversity of Sunderland
FarRagnar Hagen
EktefelleEli Hagen
MedlemUnge Høgre
VervLeiar av Framstegspartiet 1978–2006
FøregangarArve Lønnum
EtterfylgjarSiv Jensen
Alle verv

Carl-Ivar Hagen, kjend som Carl I. Hagen, (fødd 6. mai 1944 i Oslo) er ein norsk politikar. Han var formann i Framstegspartiet frå 1978 til 2006. I dag er han visepresident på Stortinget og han sit også i ulike stortingskomitéar. Den 30. april 2008 vart det kjent at Carl I. Hagen kjem til å trekkje seg frå poltikken, og at han ikkje tek attval til Stortinget for neste periode.

I 1974 var Hagen ein del av Reformpartiet som braut ut av Anders Langes parti, som seinare vart til Framstegspartiet. Då Reformpartiet gjekk inn att i Frp året etter, tok det ikkje lang tid før Hagen tok over styringa av partiet. Carl I. Hagen stod for ein mindre ytterleggåande liberalistisk økonomisk politikk enn Anders Lange sjølv.

Han er gift med Eli Hagen.

Folkevalde verv[endre | endre wikiteksten]

Stortinget[endre | endre wikiteksten]

Oslo bystyre[endre | endre wikiteksten]

  • 1979–1982: Medlem av Oslo bystyre for Framstegspartiet
  • 1987–1991: Medlem av Oslo Bystyre for Framstegspartiet
  • 1995–1999: Medlem av Oslo Bystyre for Framstegspartiet

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Carl I. Hagen