Carl Jóhan Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Jóhan Jensen

Statsborgarskap Færøyane
Fødd 2. desember 1957 (66 år)
Tórshavn
Yrke lyrikar, skribent, litteraturkritikar

Carl Jóhan Jensen (fødd 2. desember 1957) er ein færøysk forfattar, litteraturkritikar og omsetjar.

Jensen er fødd og oppvaksen i Tórshavn. Etter å ha gått grunnskule og realskule i Tórshavn reiste han i 1973 til Danmark for å ta vidare utdanning. I 1976 tok han artium og flytte heimatt til Færøyane. Der arbeidde han som journalist før han studerte færøysk språk og litteratur på Universitetet på Færøyane. Etter eksamen i 1981 fortsette han studia på Island der han studerte ålmenn litteraturvitskap og islandsk fram til 1987. Han vart cand. phil. i 1990. På 1990-talet budde han og familien fleire år i Tromsø, der kona hans arbeidde som generalsekretær i The North Atlantic Marine Mammal Commission.

Han var leiar for den færøyske forfattarforeininga, Rithøvundafelag Føroya, 19911992. Jensen var nominert til Nordisk råds litteraturpris i 1991, 1998, 2007 og 2008.

Romanen Ó - Søgur um djevulskap kom i 2010 ut i norsk omsetjing som U- Historier om djevelskap utgjeven av det Det norske samlaget.[1]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 – Skríggj
  • 1990 – Hvørkiskyn
  • 1995 – Rúm
  • 1997 – Tímar og rek
  • 2000 – Mentir og mentaskapur
  • 2005 – Ó - Søgur um djevulskap
  • 2006 – September í bjørkum sum kanska eru bláar

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1989 - Den færøyske litteraturprisen (Bókmentavirðisløn M.A. Jacobsens)
  • 1997 - Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond
  • 2006 - Den færøyske litteraturprisen (Bókmentavirðisløn M.A. Jacobsens)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]