Carl Johan Bergman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Johan Bergman

Carl Johan Bergmann.JPG

Statsborgarskap Sverige
Fødd 14. mars 1978
Hagfors
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Carl Johan Lennart Bergman (fødd 14. mars 1978) er ein svensk tidlegare skiskyttar frå Bergsäng i Hagfors kommun. Han vart verdsmeister i mixstafett under VM i skiskyting 2007, og vann i ei seinare meisterskap to VM-sølv og like mange VM-bronsar. Sidan 2010 er han gift med norske Liv-Kjersti Eikeland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Bergman deltok i verdscupen i skiskyting i 14 sesongar, 2001-14. Han sigra i 3 sprintrenn. Den fyrste sigeren kom i finske Kontiolahti 16. mars 2006, der han toppa framfor polske Tomasz Sikora og tyske Sven Fischer. Dei to andre sigrane kom i 2011/12-sesongen, i høvesvis Östersund og i Hochfilzen. I alt steig Bergman på sigerspallen etter 10 individuelle verdscup-tevlingar.

Under verdsmeisterskapen 2007 i Antholz i Italia gjekk Bergman på ankeretappen Sveriges lag inn til gull på mixstafetten, dei andre på laget var Helena Jonsson, Anna Carin Olofsson og Björn Ferry. To år etter var Bergman atter med i gullstriden på mixstafetten i ein verdsmeisterskap. Som ankermann måtte han i Pyeongchang sjå seg slått med seks sekundar av Frankrikes ankermann Simon Fourcade, men berga sølv til Sverige ved å halde Tysklands Michael Greis tre sekundar bak seg. Under VM i skiskyting 2010 i Khanty-Mansijsk kompletterte Bergman medaljesamlinga i mixstafettar gjennom å gå mål til svensk bronse. Sitt beste internasjonale meisterskap gjorde Bergman i Ruhpolding i 2012. Han opna då med å sikre seg bronsemedaljen i sprintrennet. Deretter gav han favoritten Martin Fourcade hard kamp om sigeren i jaktstarten, ei tevling som enda med sølvmedalje til Bergman, vel 5 sekundar bakom Fourcade. Til sist i meisterskapen vart Bergman sjettemann i 15 km fellesstart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]