Carl Morten Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Morten Amundsen
CarlMortenAmundsen (cropped).jpg
Fødd 11. januar 1961
Bergen
Yrke dramaturg
Carl Morten Amundsen på Commons

Carl Morten Amundsen (fødd 11. januar 1961) er ein norsk teatersjef, dramaturg og sceneinstruktør.

Han er utdanna cand.mag. ved Universitetet i Bergen (1986). Amundsen har vore tilsett som dramaturg ved Den Nationale Scene (1986–1990), Det Åpne Teater (1990–1992) og Nationaltheatret (1993–2000). Sidan 1. januar 2000 har han vore teatersjef ved Teatret Vårt (Regionteatret i Møre og Romsdal). Han har vore leiar i Norsk Teaterlederforum sidan 2004. Amundsen har også arbeidd i utlandet, han var dramatikar ved Carrousel Theater an der Parkaue i Berlin i 1992.

Mellom produksjonane hans er Natt, rett før skogene av Bernard-Marie Koltès ved Torshovteatret i 1996 og Et rom for kjærlighet av Malin Lagerlöf på Teatret Vårt i 2004. Han har også skrive skodespelet Trollspeilet frå 1991.

I 2005 takka Carl Morten Amundsen og to andre kulturpersonar i Molde nei til å stå vakt ved Frelsesarmeen si julegryte grunna organisasjonen si handtering av ei homofilisak.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Amundsen, Carl Morten» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. – Nei til Frelsesarmeen av Svein Bjørnerem på rbnett.no (29.11.2005)