Carl Nesjar
Utsjånad
| Carl Nesjar | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 6. juli 1920 Larvik |
| Død | |
| Yrke | kunstmålar, bilethoggar, grafikar, fotograf |
| Ektefelle | Inger Sitter |
| Carl Nesjar på Commons | |

Carl Nesjar, opphavleg Carl Carlsen, (6. juli 1920–23. mai 2015) var ein norsk målar, bilethoggar og grafikar frå Larvik.
Han er særleg kjend for sitt samarbeid med Pablo Picasso. I nærare tjue år var han Picassos utvalde fabrikant, kunstnaren som omsette Picasso sine illustrasjonar og modellar til store offentlege skulpturar. Eit slikt verk er betongrelieffa i Regjeringskvartalet i Oslo, byen der Nesjar budde store delar av livet. Nesjar er også kjend for sine seriar av isfontener som finst i byar rundt om i verda.