Carl Otto Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Otto Lund

Fødd15. november 1863
Død15. desember 1936 (73 år)
Statsborgar avNoreg
Alle verv

Carl Otto Lund (15. november 186315. desember 1936) var ein norsk jurist og politikar frå Larvik som representerte einmannskrinsen Strømsø og Tangen på Stortinget frå 1916 til -21, vald for partiet Høgre.

Til liks med den samnemnde faren utdanna Lund seg til sakføraryrket. Han vart cand. jur. i 1887 og arbeidde dei neste fire år som eidsvoren fullmektig hos byfogden i Drammen. Frå 1892 var han overrettssakførar i Drammen. Jamsides hadde 1891-1900 jobben som formannskapssekretær i Drammen. I tida 1907-1033 var han også aktor ved Drammens meddomsrett.

Lund var medlem i bystyret i Drammen i 21 år frå 1901 til -22, ordførar i seks år av åra, 1907-13. I tillegg var han formann i likningskommisjonen i Drammen. Frå 1916 til 1928 var medlem i hovudstyret i Den Norske Sakførerforening, viseformann dei siste 8 åra. Lund var i 25 år styreformann Drammens og Oplands Kreditbank og styremedlem i ein rekke industribedrifter og reiarlag.

Periodane 1916-18 og 1919-21 var Lund valkrinsen Strømsø og Tangen sin mann på Stortinget. Den fyrste treårsbolken hadde han plass i Budsjettkomiteen, i den siste i Finans- og tollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]