Carl Philip av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carl Philip
Prince Carl Philip and Princess Sofia-2.jpg
Prins Carl Philip og prinsesse Sofia etter bryllaupet 13. juni 2015
Prins av Sverige
Fullt namn Carl Philip Edmund Bertil
Hus Bernadotte
Titlar 1979
Kronprins av Sverige
1980–i dag
Prins av Sverige
Hertug av Värmland
Fødd 1979-05-1313. mai 1979, Stockholm i Sverige
Ektefelle Sofia Hellqvist
Far Carl XVI Gustaf av Sverige
Mor Silvia av Sverige

Carl Philip (fødd 13. mai 1979) er prins av Sverige, hertug av Värmland og tidlegare kronprins av Sverige. Han er einaste son av kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Silvia av Sverige. Carl Philip vart fødd som kronprins, men gjennom ei grunnlovsendring i 1980 vart den agnatiske tronfølgja oppheva, og den eldre systera hans prinsesse Victoria av Sverige vart dermed næraste tronarving. Carl Philip har også ei yngre syster, prinsesse Madeleine av Sverige. Han vart trulova med den tidlegare glamourmodellen og Paradise Hotel-deltakaraen Sofia Hellqvist i 2014, og bryllaupet fann stad 13. juni 2015 i Slottskyrkan i Stockholm.[1][2]

Carl Philip er utdanna marineoffiser. Mellom dei mange ordnane hans finst også Storkrossen av St. Olavs Orden.

Namn og titlar[endre | endre wikiteksten]

  • 13. mai 1979-31. desember 1980: Den høgvørde kronprins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland
  • 1. januar 1980–idag: Den høgvørde prins Carl Philip Edmund Bertil av Sverige, hertug av Värmland

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Carl Philip av Sverige

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Prins Carl Philip gifter seg 13. juni. Norsk rikskringkasting (23. oktober 2014). Vitja 23. oktober 2014.
  2. Nå er de gift: Danset nedover kirkegulvet!. Verdens Gang (13. juni 2015). Vitja 14. juni 2015.