Carl Sibbern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carl Sibbern
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1809
Rygge
Død

17. mai 1880 (71 år)
Rygge

Yrke jurist, Fylkesmann, politikar
Språk norsk
Far Valentin Sibbern

Carl Sibbern (11. april 180917. mai 1880) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Valentin Sibbern var far hans, og han kom til verda på familiegodset Vernekloster i Rygge.

Sibbern gjekk på Kristiania katedralskole frå 1823, og vart student i 1828. Han tok juridisk embetseksamen i desember 1832. I 1833 byrja han som kopist i revisjonsdepartementet, der han vart konstituert fullmektig i 1836. Frå 1837 var han fullmektig ved statsrådsavdelinga i Stockholm. 1847-52 var han fut i Jarlsberg. Sibbern var amtmann i Smaalenene frå 1855 til han døydde.

Sibbern representerte Smaalenenes amt på alle Storting 1857-69. Han var formann i vegkomiteen 1857, 1862-63, 1865-66 og 1868-69, medlem i same 1859-60. Elles var han formann i jarnbanekomiteen 1864 og medlem av Lagtinget 1865-69. Han var medlem av ein kongeleg kommisjon 1854 om fengselsstellet og formann i kommisjonen om Ås landbruksskule.

Sibbern var innehavar av St. Olavs Orden og Nordstjerneordenen. Han døydde 1880 på eigedomen sin, Carlberg i Rygge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]