Carl Stousland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Stousland
Carl Stousland.jpg
Fødd 25. oktober 1860
Skien
Død

23. august 1941

Yrke politikar, kjøpmann

Carl Stousland (25. oktober 186023. august 1941) var ein norsk kjøpmann, bankmann og stortingsmann. Han representerte Venstre fram til 1909, perioden 1919-21 var han «uavhengig». Han var sentral i handelslivet og lokalpolitikken i Skien i ei årrekke. Henrik Ibsen var morbror hans.

Stousland var fødd i Skien, far hans var skipper. Frå 1874 til 1878 var han handelsbetjent i Brevik, deretter arbeidde han i onkelen Ole P. Ibsen si kolonialforretning i Skien fram til 1885. Han overtok då forretninga som dreiv fram til 1904. Frå 1888 dreiv han eiga assuranseforretning i Skien, og frå 1912 til 1932 var han børskommissær i byen. Stousland var stiftar i Skiens Kjøbmannsforening frå 1888 og formann i ti år framover. Frå 1912 til -23 var han formann i Skiens handelskammer.

Stousland var medlem av Skien bystyre frå 1888 til 1919. Han sat i formannskapet i fleire år, og i periodane 1897-99 og 1917-19 var han ordførar. Stousland var vararepresentant for VenstreStortinget for Skien i 1895, møtte i 1897 frå 5. juli. Ved stortingsvalet same hausten kom han inn på fast plass. Han hadde sete på Stortinget fire samanhengande periodar 1898 til 1909. Alle periodane fram til 1907 var han med i næringskomite nr 2, formann 1901-03. Elles var han sekretær i Stortinget 1900-03 og 1906-09, samt medlem av valkomiteen 1906-09. Fram til dess hadde han vore venstremann. Då han på ny kom på Stortinget, 1919-21, var han vald på ei partiuavhengig liste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]