Carl Theodor Dahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl Theodor Dahl
Fødd 1802
Tønsberg
Død

11. mars 1862
Fredrikshald

Yrke jurist, politikar

Carl Theodor Dahl (180211. mars 1862) var ein norsk jurist, auditør og stortingsmann. Han var son av Carl Dahl og far til Carl Adolf Dahl.

Dahl var fødd i Tønsberg. Han vart student frå Kristiania katedralskule i 1821 og cand. jur. i 1826. Han var så tre år advokatfullmektig og ei tid prokurator i Smaalenene. Frå 1831 og heilt til han døydde var han auditør ved 1. akershusiske brigade.

I 1845 representerte Dahl FredrikshaldStortinget. Der var han medlem av militærkomiteen. Elles var han lite aktiv politisk, men var medlem av bystyret i Fredrikshald i 1860-61.

Han døydde i Fredrikshald i 1862.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]