Valentin Falsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Carl Valentin Falsen)
Valentin Falsen

Fødd27. mai 1787
Christiania
Død14. april 1852 (64 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, Fylkesmann, jurist
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
MorHenriette Mathiesen
FarEnvold de Falsen
Alle verv

Carl Valentin Falsen (27. mai 178714. april 1852) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Han var stortingspresident i 1822, 1833, 1845 og -48.

Falsen var fødd i Kristiania. Student vart han i 1803, og cand. jur. i 1806. Han arbeidde så i den norske regjeringskommisjonen og som justissekretær i overkriminalretten, sidan regimentskvartermeister og auditør ved 2. akerhusiske regiment frå 1807. I 1813 vart han by- og rådstueskrivar i Trondheim, og frå 1822 byfut attåt. 1826 utnemnd til sorenskrivar i Eiker, Modum og Sigdal. Frå 1839 var han amtmann i Bratsberg, og til sist 1846-52 stiftamtmann i Kristiansand samt amtmann for Lister og Mandals amt.

Falsen deltok frå 1818 på fylgjande storting: 1818, 1821 og 1822 som representant frå Trondheim, 1830 og alle ting til og med 1839 representerte han Buskerud, 1842 og 1845 frå Bratsberg og 1848 frå Kristiansand. På 1818-tinget var han formann i fem av dei tjue komiteane han var med i. I 1821 vart han vald til president i Lagtinget, på det overordentleg storting 1822 var han stortingspresident. Han var i 1821 med i 17 komitear, formann i seks av dei. På tinget i 1822 var han formann i komiteen om statsrevisjonens merknader til eldre reknskap. I 1830 var han både stortingspresident og president i Odelstinget, samt formann i justiskomiteen. Også i 1833 var han stortingspresident, og formann i konstitusjonskomiteen. Tre åre seinare var han visepresident i stortinget og odelstingspresident, pluss formann i justiskomiteen. Dei same verva hadde han også på omframstortinget 1836-37. Same presidentposisjonane kledde han i 1839, men var då formann i bankkomiteen. På tinget i 1842 var han odelstingspresident og leia to komitear, valkomiteen og justiskomiteen. Under båe sesjonane 1845 og 1848 var Falsen stortingspresident og formann i valkomiteen. I 1845 var han i tillegg formann i justiskomite nr 1, medan han i 1848 var formann i fullmaktskomiteen og i konstitusjonskomiteen.

Falsen var medlem av riksretten mot Herman Wedel Jarlsberg og Thomas Fasting i 1821-22.

Han vart i 1847 utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. I 1822 hadde han motteke Nordstjerneordenen.

Valentin Falsen var son av justitiarius Envold de Falsen og ein yngre bror av Christian Magnus Falsen. Han døydde i Kristiansand, tre månader etter han fekk avskjed frå amtmannsembetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania 1914, side 234-235, digital utgåve
  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947
  • Biografisk informasjon om Valentin Falsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv