Carl von Piloty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carl von Piloty
Karl von Piloty.jpg
Fødd 1. oktober 1826
München
Død

21. juli 1886
Münsing

Sjanger historiemåleri
Yrke kunstmålar, universitetslærar

Carl Theodor von Piloty (1. oktober 182621. desember 1886) var ein tysk målar, fødd i München. Han var mest kjend for sine store historiemåleri.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Seni ved Wallensteins lik, 1855
Kringsetjinga av Gaeta
Thusnelda i Germanicus sitt triumftog, 1873

Piloty var son til ein kjend litograf. I sine yngre år arbeidde han i verkstaden til faren. Han utdanna seg så på kunstakademiet i München. Kring 1850 tok han varige inntrykk frå det belgiske historiemåleri, særleg av verk av Louis Gallait og Edouard de Bièfve. På ei studiereise til Antwerpen og Paris i 1852, var det nettopp den kunstretninga som fanga interessa hans.

Til liks med den franske målaren Paul Delaroche, som han møtte i Paris, valde han dramatiske og dystre historiske motiv. Som den belgisk-historiske realismen la Piloty vekt på saftig og kraftig fargebruk. Figurane i bileta hans virka livaktige. Sjangerbiletet Amma frå 1853 viser hans framifrå teknikk, samt hans hang mot det patetiske, det siste var eit brot med eldre tysk kunst.

Pilotys første store historiemåleri var Grunnlegginga av den katolske liga. I 1855 vekte han furore med Seni ved Wallensteins lik. Dei neste måleria i storformat var helst gjentakingar. Bileta, som til dømes Nero etter brannen i Roma og Morgonen før slaget på det kvite berg, var målarteknisk framifrå, men var overflatiske og teatralsk-deklamatoriske i sin karakteristikk og overdreiv fargebruken.

Pilotys kunst dala sterkt i ry i tida etter han døydde. Gjennom si videtrakte lærargjerning - han var frå 1856 professor og frå 1874 direktør for kunstakademiet i München - hadde han likevel stor og langtrekkande innverknad på målarkunsten i Tyskland og Austerrike.

60 år gammal døydde han i det som i dag er landsbyen Münsing ved München.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Carl von Piloty