Carlos Alomar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carlos Alomar
Alias Carlos Guitarlos
Fødd 7. mai 1951
Ponce
Instrument Gitar
Sjanger Hardrock, Glamrock, Funkrock, funk, poprock, Blue Eyed Soul, kunstrock, eksperimentell rock, krautrock, ambient, New Wave, elektronisk, bluesrock, R'n'B
Yrke Musikar
Tilknytte artistar James Brown, Ben E. King, Joe Simon, Roy Ayers, John Lennon, Brian Eno, David Bowie, Iggy Pop, Soda Stereo, Mick Jagger, Paul McCartney
Plateselskap RCA, EMI, Columbia Records, Polydor Records

Carlos Alomar (fødd 9. januar 1951) er ein amerikansk gitarist, låtskrivar og arrangør som er mest kjend for arbeidet sitt med David Bowie. Han har spelt på fleire Bowie-album enn nokon annan musikar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Alomar voks opp i New York. Han lærte å spele gitar då han var 10 og starta å spele profesjonelt då han var 16. I 1960-åra spelte han under «Amateur Hour» på Apollo Theater og vart etter kvart med i husbandet der og akkompagnerte artistar som Chuck Berry og mange leiande soul-artistar. I 1968-1969 turnerte han i åtte månader med bandet til James Brown. Han slutta då han vart fråteken løn etter å ha missa eit musikalsk varsel. I 1969 danna Alomar gruppa Listen My Brother med vokalistane Luther Vandross, Fonzi Thornton (arbeidde seinare med Chic og Roxy Music), og Robin Clark (Clark og Alomar gifta seg seinare og fekk ei dotter).

Alomar vart så studiomusikar for RCA Recording Studios, og andre, som Ben E. King og Joe Simon. Han møtte òg trommeslagaren Dennis Davis medan dei begge spelte for jazzartisten Roy Ayers. Alomar turnerte så med bandet Main Ingredient.

David Bowie[endre | endre wikiteksten]

Alomar møtte David Bowie tidleg i 1974 under innspelinga til Lulu av Bowie-songen «Can You Hear Me?». Bowie ønskte å ha Alomar med seg i bandet sitt for Diamond Dogs-turneen, men forhandlingar med managementet til Bowie stoppa opp og Alomar vart verande med The Main Ingredient. Under ein seks veker lang pause frå turneen sin midtvegs i 1974, spelte Bowie inn fleire songar for eit nytt album i Sigma Sound Studios med Alomar, som førte med seg Vandross, Clark, Davis, og bassist Emir Kassan til innspelingane. Det meste av materialet for Young Americans vart spelt inn under desse innspelingane og Alomar vart med Bowie på den andre halvdelen av Diamond Dogs-turneen (kalla «The Philly Dogs Tour») i september–desember 1974. I januar 1975 spelte Bowie og John Lennon inn «Across the Universe» i Electric Lady Studios og frå denne innspelinga kom songen «Fame» til, som utvikla seg frå eit gitarriff Alomar hadde for songen «Footstompin’» under Philly Dogs-konsertane. Låtskrivinga vart delt mellom Bowie, Alomar og Lennon. «Fame» vart gjeven ut på singel og gjekk heilt til topps i USA. Dette var starten på eit langvarig samarbeid mellom Alomar og Bowie, først som ein del av rytmeseksjonen Alomar/Dennis Davis/George Murray.

Alomar spelte på det neste albumet Station To Station (1976) og skreiv dei klassiske riffa som opna songane «Golden Years» og «Stay», og turnerte med Bowie på Station To Station-turneen i 1976. Dette var den første Bowie-turneen til Alomar som musikalsk leiar. Kring denne tida skreiv Alomar, Bowie og Iggy Pop songen «Sister Midnight», som opphavleg vart framfmørt av Bowie under 1976-turneen. Han vart seinare innspelt av Bowie og Pop som opningssporet på Iggy Pop-albumet The Idiot (1977). Han vart seinare omskriven av Bowie som «Red Money» for albumet hans Lodger (1979). Alomar spelte på den banebrytande «Berlintriologien» til Bowie - albuma Low (1977), "Heroes" (1977) og Lodger. Han var òg medlåtskrivar på songen «The Secret Life of Arabia» frå Heroes og songen «DJ» i lag med Bowie og Brian Eno frå Lodger. På Lodger-singelen «Boys Keep Swinging» byta Alomar instrument med Dennis Davis og spelte trommer. Alomar spelte òg gitar på dei to Bowieproduserte Iggy Pop-albuma i 1977, The Idiot og Lust For Life. I 1978 spelte han på Bowie-turneen dette året som vart gjeven ut som konsertalbumet Stage.

Scary Monsters (and Super Creeps) (1980) markerte siste gong Alomar spelte i lag med George Murray og Dennis Davis på eit Bowie-album. Då det ikkje vart noko av den planlagte turneen etter Scary Monsters vart Alomar i staden med bandet til Iggy Pop for fleire konsertar i oktober-desember 1981. Alomar spelte ikkje på Bowie-albmet Let's Dance (1983), men spelte som rytmegitarist og musikalsk leiar for den omfattande Serious Moonlight-turneen i 1983. I 1984 spelte han igjen på Bowie-albumet Tonight. Her skreiv han òg den siste songen på albumet i lag med Bowie og Iggy Pop, «Dancing With the Big Boys». I 1987 spelte Alomar på Bowie-albumet Never Let Me Down der han var medlåtskrivar på tittelsporet, som opphavleg var ein Alomar-song kalla «I’m Tired». Alomar var igjen musikalsk leiar og rytmegitarist for den særs teatralske Glass Spider-turneen i 1987. Bowie enda det langvarige samarbeidet etter turneen. Dei to spelte ikkje i lag før januar-februar 1995, under innspeligna for Bowie-albumet 1.Outside (1995). I mellomtida spelte Alomar og gav ut det første soloalbumet sitt, Dream Generator, i 1988.

Alomar turnerte med Bowie på den første delen av Outside-turneen (september 1995-februar 1996). Turneen var ikkje hyggeleg for Alomar (som fann Bowie utilgjengeleg og ikkje kom overeins med den musikalske leiaren Peter Schwartz) og kom ikkje attende til Bowie då turneen heldt fram i september 1996. Alomar spelte sidan gitar på Bowie-songane «Everyone Says 'Hi'» (på Heathen i 2002) og «Fly» (eit bonusspor på albumet Reality i 2003).

Etter Bowie[endre | endre wikiteksten]

Alomar har spelt med mange andre kjende musikarar, som Paul McCartney, Mick Jagger, Iggy Pop, The Pretenders for albumet Get Close i 1986, og det argentinske rockebandet Soda Stereo. I alt har Alomar spelt på heile 32 gull- og platinaalbum. Han er i dag direktør i Boombacker Records. Han var bandleiar for det kortvarige fjernsynsprogrammet The Caroline Rhea Show (2002–2003) og er i dag president i New York-avdelinga av The Recording Academy,[1] organisasjonen som er ansvarleg for Grammy Awards. I 2005 vart Alomar lærar på Stevens Institute of Technology (Hoboken, New Jersey) som adjunkt i Musikk og teknologi.

Alomar samarbeidde med Scissor Sisters på det andre albumet deira, Ta-Dah. I oktober 2008 spelte han med Richard Barone i Carnegie Hall. I 2010 spelte Alomar gitar på Alicia Keys-albumet «The Element of Freedom».

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

David Bowie

Iggy Pop

Arcadia

Mick Jagger

Paul McCartney

Soda Stereo

  • Doble Vida (som produsent, gitarist og rappar) (1988)

FUN

ANGIESCREAMS

Soloalbum

  • Dream Generator (1987)

Videoar

  • David Bowie: Serious Moonlight
  • David Bowie: Glass Spider
  • Iggy Pop: Live San Fran 1981
  • Soda Stereo: Gira Me Veras Volver

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]