Hopp til innhald

Carlos Menem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carlos Menem

Fødd2. juli 1930
Anillaco
Død14. februar 2021 (90 år)
Statsborgar avArgentina
ReligionIslam (1988), katolisisme
Yrkepolitikar, advokat, forretningsdrivande
Utdanna vedDet nasjonale universitetet i Córdoba
EktefelleCecilia Bolocco, Zulema Fátima Yoma
BarnCarlos Nair Menem Meza, Zulema María Eva Menem, Carlos Saúl Facundo Menem, Máximo Menem Bolocco
Alle verv
  • Argentinas president (19891999)
  • medlem av Argentinas senat (20052011)
  • medlem av Argentinas senat (20112017)
  • medlem av Argentinas senat (20172021) Sjå dette på Wikidata

Carlos Saúl Menem Akil (2. juli 193014. februar 2021) var ein argentinsk politikar og statsleiar. Han var president i Argentina frå 8. juli 1989 til 10. desember 1999. 1990-2003 leia han Partido Justicialista, også kjent som peronistpartiet. Menem var mykje av ein overdådig person og posør, populær i vide krinsar i heimlandet.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]

Menem var utdanna jurist. Frå 1973 var han guvernør i heimprovinsen La Rioja til 1976, då han vart avsett etter militærkuppet. Sju år seinare fekk han vende tilbake til denne stillinga.

Ved presidentvalet i 1989 vart Menem vald til president i fyrste runde med 47,5 % av røystene. Han kom til makta i ei tid prega av hyperinflasjon. Menem sette i verk ein næringspolitikk kjend som «føderal peronisme», ei retning som i mangt braut med det peronismen tidlegare hadde bygt på. I stor grad baserte han i staden den økonomiske politikken på den såkalla Washington-konsensusen, dominert av idear om ein marknadsstyrt, kapitalistisk økonomi. Gjennom ein konvertibilitetsplan i 1991, støtta av ikkje-peronistiske regjeringsmedlemer, søkte han å bekjempe inflasjonen og lukkast stabilisere økonomien for ei tid. I tillegg kom privatisering, auka frihandel og svekka vilkår for fagforeiningar. Ei tid framover opplevde Argentina økonomisk vekst, men politikken la samstundes mykje av grunnen den djupe økonomiske krisa som sidan råka Argentina.

Olivos-pakta, ein avtale mellom president Menem og det opposisjonelle kongresspartiet, endra grunnlova frå 1853. Dermed kunne Menem stille til val ved presidentvalet i 1995. Med 49,9 % av røystene i fyrste runde fekk han forlenga mandatet. Menems andre periode var prega av strid og korrupsjon internt i peronistpartiet. Ein ny økonomisk krise segla opp, med stendig stigande arbeidsløyse. Opposisjonspartia samla seg og vann mellomvalet i 1997 og ved presidentvalet i desember 1999 sigra opposisjonskandidaten Ferndando de la Rúa frå Unión Cívica Radical.

Utanrikspolitisk nærma Menem seg USA. I hans andre periode søkte han å forbetre tilhøvet til Storbritannia, eit diplomatisk samband Argentina braut under Falklandskrigen, og i 1998 besøkte Storbritannia.

I 2001 sat Menem fleire månader i husarrest, og sidan dømt til sju års fengsel for å ha teke del i handel av våren til Ecuador og Kroatia. Menem stilte i 2003 som presidentkandidat på ny. Han fekk flest røyster i fyrste runde, men trekte seg då han forstod han ville tape mot Néstor Kirchner. Frå 2005 til han døydde var Menem senator for La Rioja. I 2015 vart han dømt til fire og eit halvt år i fengsel for underslag av offentleg midlar. Hans parlamentariske immunitet sparte han for fengsel både i denne saka og i saka om ulovleg våpenhandel.