Carn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carn
Oppretta1973
Språkengelsk, fleire språk
Nettstadhttp://celticleague.net/carn/

Carn er eit tidsskrift gjeve ut av Celtic League, og har undertittelen - A link between the Celtic Nations. Tidsskriftet har kome ut sidan 1973, og fremjer dei keltiske språka og fremjer full eller delvis sjølvråderett eller sjølvstende for dei keltiske nasjonane. Alle utgjevingane sidan nummer 1 i 1973, er elektronisk tilgjengelege.[1]

Tidskriftet er publisert på engelsk, men har og artiklar på dei seks keltiske språka walisisk), irsk, skotsk-gælisk, manx (det keltiske målet på øya Man), kornisk (Cornwall) og bretonsk (Bretagne) med omsettingar og samandrag på engelsk. I ei årrekkje har tidsskriftet hatt eit kart av dei ulike keltiske områda på framsida med namnet deira på det historiske heimemålet.

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1973 har desse vore redaktørar:

  • Frang MacThòmais (1973–74), skotte
  • Pádraig Ó Snodaigh 1974–77), ire
  • Cathal Ó Luain (1977–81), ire
  • Pedyr Pryor (1981–84), kornisk
  • Pat Bridson (1984–2013), manx
  • Rhisiart Tal-e-bot: (2013- ), kornisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.celticleague.net/carn/ Henta 19. august 2019.