Carnallitt
Hopp til navigering
Hopp til søk
Carnallitt | |
![]() | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Halidmineral |
Kjemisk formel | KMgCl3·6(H2O) |
Strunz-klassifisering | 03.BA.10 |
Identifikasjon | |
Molekylvekt | 277.85 |
Farge | blå, fargelaus, gul, kvit, red |
Krystallform | trådaktig |
Krystallsystem | Ortorombisk, (2/m 2/m 2/m), Romgruppe: Pcna |
Tvilling | Under trykk, kan polysyntetisk tvillinglamell utviklast |
Kløyv | Ingen |
Brot | Muslig |
Mohs hardleiksskala | 2.5 |
Glans | feittete |
Strekfarge | Kvit |
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg |
Spesifikk vekt | 1.6 |
Tettleik | 1.598 g/cm3 |
Optiske eigenskapar | |
Optiske eigenskapar | Toaksa (+) |
Brytingsindeks | nα = 1.467 nβ = 1.476 nγ = 1.494 |
Dobbeltbryting | 0.0270 |
2V-vinkel | 70 |
Kjelder | [1][2][3] |
Carnallitt er eit mineral som opptrer i dei øvre delane av saltleier, til dømes i Tyskland og USA (Texas – New Mexico). Det er eit viktig kaliumråstoff. Den kjemiske samansetjinga er KMgCl3·6(H2O). Mineralet er hygroskopisk.

Carnallitt frå Russland.
Carnalitt vart først skildra i 1856 etter ein førekomst i Sachsen-Anhalt i Tyskland. Det er kalla opp etter den prøyssiske gruveingeniør Rudolf von Carnall (1804–74).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Carnallitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/carnallitt.