Carol Kaye

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carol Kaye
Fødd24. mars 1935 (88 år)
FødestadEverett
FødenamnCarol Smith
OpphavUSA
AktivSidan 1949
Sjangersoul
Instrumentbassgitar, gitar, banjo
PlateselskapCrest Records
Verka somStudiomusikar, lærar

Carol Kaye (fødd 24. mars 1935 som Carol Smith)[1][2] er ein USA-amerikansk musikar og ein av dei mest brukte og høyrde bassgitaristane i rock- og pophistoria. Det er estimert at ho spelte på kring 10 000 innspelingar gjennom ein karriere som har vart over 50 år.[3]

Kaye byrja å spele gitar tidleg i tenåra og spelte etter kvart ofte i jazz- og storbandmiljøet i Los Angeles. Ho byrja å spele på studioinnspelingar i 1957 og gjennom eit kjennskap i Gold Star Studios byrja ho å arbeide for Phil Spector og Brian Wilson. Etter ein bassist ikkje møtte opp til ei innspeling i 1963, steppa ho inn på bass og vart raskt ein av dei mest etterspurte bassistane i 1960-åra og spelte på ei rekkje kjende hittar. Ho byrja òg å spele filmmusikk seint i 1960-åra, særleg for Quincy Jones og Lalo Schifrin, og byrja å gje ut ei rekkje lærebøker som How To Play the Electric Bass. Kaye vart mindre aktiv mot slutten av 1970-åra, men fortsette musikkarrieren sin inn i dei seinare tiåra. Ho var ganske framtredande i dokumentarfilmen The Wrecking Crew.

Kaye har spelt på innspelingar med Ritchie Valens (akustisk gitar på «La Bamba»), The Crystals (elektrisk gitar på «Then He Kissed Me»), The Righteous Brothers (akustisk gitar på «You've Lost That Lovin' Feelin'»), Sonny & Cher, Frank Zappa (Freak Out!), Elvis Presley, Frank Sinatra, Simon and Garfunkel, Stevie Wonder, Barbra Streisand, The Supremes, The Temptations, Four Tops, The Monkees, Glen CampbellWichita Lineman») og The Beach Boys (Beach Boys Today, Summer Days (and Summer Nights!!), Pet Sounds og Smile).

Utval diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Riley, Phoebe (16. april 2016). «The Beach Girl Behind the Beach Boys». New York Magazine. Henta 16. september 2018. 
  2. Murphy, Bill (10. august 2012). «Forgotten Heroes: Carol Kaye». Premier Guitar. Henta 16. september 2018. 
  3. Berklee College of Music (18. oktober 2000). «Berklee Welcomes Legendary Studio Bassist Carol Kaye». Arkivert frå originalen 10. september 2006. Henta 13. mars 2007. «Kaye is the most recorded bassist of all time, with 10,000 sessions spanning four decades.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]