Carole Merle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carole Merle

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 24. januar 1964 (60 år)
Barcelonnette
Yrke alpinist
Språk fransk
Høgd 160 centimeter
Carole Merle på Commons

Carole Merle (fødd 24. januar 1964) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Barcelonnette i Alpes-de-Haute-Provence som vart verdsmeister i storslalåm i 1993 og vann to VM-sølv og ein OL-sølv i tida 1989-92. Ho vann 22 renn i verdscupen i alpine greiner, alle i yndlingsgreinene super-G og storslalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Merle vart nummer 11 i storslalåm under Vinter-OL 1984 i Sarajevo og nummer 12 i super-G i VM i alpine greiner 1987 i Crans-Montana. Under vinterleikane 1988 i Calgary vart ho nummer ni i storslalåm og enda på tolvteplass i både super-G og utfor.

Den 6. januar 1988 vann Merle eit storslalåmrenn i Tignes i heimlandet, hennar fyrste siger i eit verdscuprenn. I 1989-sesongen etablerte ho seg i verdstoppen i Super-G, og deretter også i storslalåm. Fram til 27. mars 1993, då ho vann sin 22. og siste siger i Åre i Sverige, sikra ho seg heile seks FIS-pokalar som beste alpine utøvar i super-G og i storslalåm. Super-G-pokalen vann ho fire år på rad, 1989-92, og storslalåm-pokalen i 1992 og 1993.

Merle vann si fyrste internasjonale medalje då ho tok sølvmedaljen i storslalåm i VM i alpine greiner 1989 i Vail i Colorado. To år seinare vann ho ein ny sølvmedalje i VM 1991 i Saalbach-Hinterglemm, der Ulrike Maier frå arrangørlandet Austerrike vann super-G-tevlinga, 11 hundredels sekund framom Merle. Endå ein sølvmedalje i super-G fekk Merle under Vinter-OL 1992 i Albertville.

29 år gammal vann Merle gullmedaljen i storslalåm då den alpine verdsmeisterskapen 1993 gjekk av stabelen i japanske Morioka. Ho deltok i dei olympiske leikaneLillehammer i 1994, der ho kom på femteplass i storslalåm. Ved sesongslutt la ho opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar