Carole Montillet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carole Montillet
Fødd 7. april 1973
Grenoble
Yrke alpinist, racerfører, politikar
Carole Montillet på Commons

Carole Montillet (fødd 7. april 1973) er ein fransk tidlegare alpin skirennar frå Grenoble. Ho vart olympisk meister i utfor under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City.

I tida februar 2001 til februar 2004 vann Montillet åtte renn i verdscupen i alpine greiner, fire i super-g og fire i utfor. Vinteren 2002 vann ho ikkje eit einaste verdscuprenn, derimot kunne ho stige heilt til topps på sigerspallen etter utfortevlinga i vinter-OL, som klar vinnar framom Isolde Kostner frå Italia. Montillet sikra seg i 2003 FIS-pokalen som verdas beste super-g-utøvar. Under VM i alpine greiner 2005 i Bormio var ho med på det franske seksmannslaget som tok bronsen i lagtevlinga.

Ho la opp etter 2006-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

FIS-biografi