Caroline Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Caroline Andersen
Caroline Omberg.jpg
Fødd 28. februar 1984
Oslo
Yrke dansar, songar, foredragsholder
Caroline Andersen på Commons

Caroline Omberg tidligare Andersen (fødd 28. februar 1984) er ein tidlegare norsk erotisk dansar og pornografisk skodespelar. Som erotisk dansar nytta ho artistnamnet Strippeline.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Omberg vart fødd i Oslo og voks opp på Snarøya i Bærum. Ho har vorte mest kjend gjennom magasinet FHM, der ho hadde ei eiga spalte om sex og kjærleik i perioden 2007–2008.[1] Ho er utdanna innan reklame og merkevarebygging med tittelen «merkevare-kommunikatør» etter fullført studium.[2]

Omberg er ein sjølvstendig næringsdrivande strippar under namnet «Strippeline».[3] Ho etablerte seg som pornogründer og spelte i ni hardpornofilmar mellom februar og juni 2008.[4] I tillegg er ho ein av tre medlemmer i ei burlesk-dansegruppe kalla «The Fleshoticas».[5] I 2011 har ho i lag med bandet sitt Caroline & The Treats laga ei låt som heiter Gimme, Gimme, Gimme som er med på Tomme Tønner 2 si soundtrack.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2008: En kvinnes fantasier (Erik Fischer, svensk premiere desember 2008)
  • 2008: Midsommarfesten (Krister Frankell, november 2008)
  • 2008: Skjöna Skjut (Erik Fisher, svensk premiere oktober 2008)
  • 2008: Fönstret mot gården (Erik Fischer, svensk premiere juni 2008)
  • 2008: Debutanter så in i norden (Erik Fischer, svensk premiere april 2008)
  • 2008: Gloryhole (Mike Beck)
  • 2008: Catstjeien (Cats)
  • 2009: Proffessor Drövels hemmelige sex-serum (Mike Beck, 2009)
  • 2009: Kvinnofengelset (Mike Beck, 2009)
  • 2009: I Kåtaste Laget (Mike Beck, 2009)
  • 2009: Hotell Ballmann (Mike Beck, 2009)
  • 2009: I Fiskarnas tecken (Erik Fischer, juni 2009)
  • 2009: Våte Midsommardrömmer (Mike Beck, mai 2009)
  • 2009: Den Nakna Sanningen (Erik Fischer, svensk premiere april 2009)
  • 2009: Spion på sengekanten (Mike Beck, april 2009)
  • 2009: Til varje pris (Mike Beck, februar 2009)
  • 2009: Dejten (Krister Frankell, februar 2009)
  • 2010: Tomme Tønner, lita rolle som strippar.
  • 2011: Hjelp, vi er russ!

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «‘Sparket’ av FHM» av Adèle Cappelen Blystad på Seher.no (20.06.2008).
  2. «FHM sparket sex-spaltist» av Arne D. Skalmeraas på Onlinemagasinet.no (18.06.2008).
  3. «Se Strippeline i aksjon» hjå Vi Menn (26.10.2007).
  4. «Caroline (24) søker norske pornostjerner» av Arild J. Waagbø hjå TV 2 Nettavisen (24.06.2008).
  5. «Burlesk i storbyjungel» av Sissel Hoffengh på Dagsavisen.no (24.11.2006).