Caroline Mathilde av Danmark-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caroline Mathilde
Caroline-Mathildeofwales denmark.jpg
Måleri av Francis Cotes
Dronning av Danmark og Norge
Hus Huset Hannover og Huset Oldenburg
Fødd 22. juli 1751, London
Død 10. mai 1775 (23 år), Celle i Hannover
Ektefelle Kong Christian VII av Danmark og Norge
Far Fredrik Ludvig av Hannover
Mor Augusta av Sachsen-Coburg-Gotha
Born Frederik VI og Louise Augusta

Caroline Mathilde (fødd 22. juli 1751 i London, død 10. mai 1775 i Celle i Tyskland) var dronning av Danmark-Noreg gjennom sitt ekteskap med Kristian VII av Danmark-Noreg. Ho er særleg hugsa for sitt forhold med den tyske livlegen Johann Friedrich Struensee.

Caroline Mathilde var dotter av Fredrik Ludvig av Hannover og Augusta av Sachsen-Coburg-Gotha[1] og blei fødd i Leicester House som låg på Leicester Square i London. Faren døydde kort tid før ho vert fødd og ho veks opp på Carlton House saman med mora og ein stor søskenflokk, mellom anna den seinare Georg III av Storbritannia. [1]

Kristian VII og Struensee[endre | endre wikiteksten]

Bryllaupsballet i Christiansborg Riddersal da Kristian VII og Caroline Mathilde gifta seg i 1766. Tresnitt frå same tid.
Scene frå hoffet til Kristian VII slik kunstnaren Kristian Zahrtmann framstilte det i 1873. På måleriet ser ein Struensee og Caroline Mathilde ved spelebordet og Kristian VII som morar seg med ein papegøye. Tilhøyrer Den Hirschsprungske Samling

Caroline Mathilde vert gifta bort til syskenbarnet Kristian VII då ho var 15 år gamal, han var 17.[1] Det var ikkje vanleg å gifta seg så tidleg. Det var den øvste leiinga i statsadministrasjonen med J.H.E. Bernstorff som den tonegivande som pressa fram at ekteskapet vart framskote.[2] Årsaka var at Kristian hadde det ein meinte var ein ustyrleg seksualitet og ein trudde dette kunne dempast ved å la det få utløp i ei meir passande retning.[2][3]

I ekteskapet møtte den unge dronninga ein schizofren ektemann og blei snart isolert ved hoffet. I 1768 blei ho mor til kronprins Fredrik, den seinare Fredrik VI av Danmark-Noreg.

Den Stormægtige Dronning Caroline Mathilde til Hæst. Satireteikning frå 1772 med Caroline Mathilde i mannsklede til hest, ein barnepassar med spedbarnet hennar, og Struensee i fengsel.

Livet til dronninga endra seg da Kristian hadde med seg ein ny livlege heim frå ei reise i 1769. Struensee vann gunsten til dronninga og vert elskaren hennar. Det vert sett på som støytande da prinsesse Louise Augusta vert fødd i 1771. Alle visste at Struensee var faren, ho vert òg kalla la Petite Struensee.

Det har ikkje blitt slått fast heilt sikkert kven som var far til Louise Augusta. Forfattaren Asser Amdisen skriv at det finst kjelder som står i motsetnad til kvarandre når det gjeld å kunne slå fast farskapet.[4] Etter at Struensee vart styrta og Caroline Mathilde arrestert og sett på Kronborg slott saman med Louise Augusta, ville ho ha dottera med seg i eksil, og sa til forsvararen Peter Uldall at Louise Augusta ikkje hadde noko å gjere med den danske kongefamilien. Det kan likevel ikkje vektleggast ettersom ho på det tidspunkt var desperat og prøvde i det lengste å få behalde i det minste det eine av borna.[5]

Louise Augusta blei måla av Jens Juel rundt 1790 og er særs lik Struensee på dette måleriet, utan at dette på noko vis er eit prov på at han var faren.[5]

Kupp, forvising og død[endre | endre wikiteksten]

Natta mellom 16. og 17. januar 1772 blei Struensee og Caroline Mathilde arrestert på Christiansborg slott. Ho blei ført til Kronborg saman med Louise Augusta, men Fredrik på 6 år måtte vere att.

I ei proformasak vart ekteskapet mellom Kristian og Caroline Mathilde oppløyst i april 1772 og på same tid mista ho retten til tittelen sin. Dei nye makthavarane hadde bestemt seg for å sette ho i forvaring på Aalborghus på livstid, men vert pressa av det britiske kongehuset og regjeringa i England.[6] Bror til Caroline Mathilde var på dette tidspunktet blitt konge av England som Georg III og han hadde arveland i Hannover. Britane sende to fregattar og ein kongejakt til Danmark og ankra opp på reden utanfor Helsingborg 26. mai 1772. Vitne fortalde at ho såg skipa frå vindauga på Kronborg.[7] I motsetning til det som var vanleg i samtida amma og stelte Caroline Mathilde Louise Augusta sjølv. Ho amma henne heilt fram til avreisa og dottera måtte fjernast med makt.[7] Dronninga blei ført ombord i skipet og ført til Celle i Hannover der ho slo seg ned på familieslottet.

To år seinare vart ho deltakar i ein plan som gjekk ut på at ho skulle komme attende til Danmark ved eit kupp og vere formyndarregent for sonen Fredrik.[1]Seinare geheimestatsminister Ernst Heinrich von Schimmelmann var ein av dei som stod bak planen. Caroline Mathilde hadde òg innvia broren Georg III.

Planane vert ikkje noko av og Caroline Mathilde døydde av ein febersjukdom i 1775, 23 år gamal.[8] Ho er gravlagd i Stadtkirche St. Marien i Celle.[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Caroline Mathilde (1751 - 1775) frå Dansk Kvindebiografisk Leksikon
  2. 2,0 2,1 Asser Amdisen side 40
  3. Steffen Heiberg side 80
  4. Asser Amdisen side 120-121
  5. 5,0 5,1 Asser Amdisen side 121
  6. Steffen Heiberg side 81
  7. 7,0 7,1 Asser Amdisen side 159
  8. Steffen Heiberg side 23
  9. Stadtkirche Celle

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Asser Amdisen: Til nytte og fornøjelse, Akademisk Forlag A/S, 2002, ISBN 87-5-003730-7
  • Steffen Heiberg: Danske dronninger i tusind år, København, Gyldendal, 3.utg., ISBN 87-02-02946-4
  • Lars Roar Langslet: Våre konger - En vei gjennom norgeshistorien, Oslo, J.W. Cappelens Forlag A/S, ISBN 82-02-22076-9
  • Nils Petter Thuesen (1991). Norges dronninger gjennom tusen år, s. 121–126. Tiden Norsk Forlag, Oslo. ISBN 82-10034-58-8.digital utgåve

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Caroline Mathilde av Danmark-Noreg