Caroline Omberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Caroline Omberg
Caroline Omberg.jpg
Fødd28. februar 1984 (37 år)
FødestadOslo
FødenamnCaroline Andersen
Verka somdansar, songar, foredragsholder

Caroline Omberg (fødd 28. februar 1984 som Caroline Andersen) er ein norsk foredragshaldar og musikar. Ho er vokalist i punkrockbandet Caroline & the Treats.[1][2][3][4][5][6][7] Som foredragshaldar er spesialfeltet hennar er å snakka med ungdom om kjensler og seksualitet, og ho har i det sambandet vore nominert til Skamløsprisen.[8][9][10] Ho fortel òg om barndom, oppvekst og emosjonell intelligens.[11][12] Caroline er utdanna EQ-terapeut ved EQ Institute, grunnlagt av Dora Thorallsdottir m.fl. Caroline er pedagog, og studerer Grunnskulelærar 1-7. Ho har podcasten AVKOM saman med Mina Hadijan og Martine Rand.[13]

Omberg har skrive ei rekkje kronikkar om rettane til barnehagebarn og skule.[7][6][14]

Ho har bakgrunn som tidlegare eksotisk dansar, skodespelar og burlesk-dansar. Ho var med på å grunnleggja den første burlesk-gruppa i Noreg, The Fleshoticas, i 2006.[15]

Utdanning og annan karriere[endre | endre wikiteksten]

Omberg kjem frå Snarøya og er oppvaksen i Oslo.[1] Ho er utdanna innan reklame og merkevarebygging med tittelen «merkevarekommunikatør» etter fullført studium.[16] Ho er under utdanning til EQ-terapeut, og studerer òg pedogogikk.[17]

Omberg arbeider i dag som foredragshaldar innan mental og seksuell helse.[12][18][9] Spesialfeltet hennar som foredragshaldar er å snakka med ungdom, helsepersonell og lærarar om både kjensler og seksualitet og dessutan om skilnaden på sex og porno.[11][8] Ho snakkar òg om barndom, oppvekst og emosjonell intelligens.

I 2014 bidrog ho med eit essay i boka Prince "Shockadelica".[19] I 2018 var ho ein av forfattarane bak antologien "Det skjer nå - Fortellinger fra en feministisk revolusjon".[20] I 2019 samarbeidde ho med Sex og Politikk om å laga eit undervisningsmateriell om seksualitet versus pornografi til bruk i grunnskulen.

Samfunnsdebattant[endre | endre wikiteksten]

Omberg er aktiv samfunnsdebattant når det gjeld barnehagepolitikk, og har skrive ei rekkje kronikkar når det gjeld rettane til barnehagebarn.[21][22][23][24][25][26][27][7][6] Ho var grunnlegg av Foreldreopprøret og er leiar Foreldreutvalget for barnehagar i Oslo.[28] I podcasten AVKOM, som ho har saman med Mina Hadijan og Martine Rand, snakkar ho om det å vera mor.[29]

Omberg uttalar seg stadig om ungdom og seksualitet i media og debattar, og i 2018 var ho nominert til Skamløsprisen.[8][30][31][10]

Musikk, tv og spelefilmar[endre | endre wikiteksten]

Omberg medverka òg i nokre spelefilmar i Noreg og hadde sin første påkledde rolle i den norske filmen Hjelp, vi er russ! frå 2011, der ho spelte servitrisa Gudrun Gundersen.[32]

I 2008 danna ho punkrockebandet Caroline & The Treats saman med den dåverande partnaren sin Morten Henriksen.[33] Bandet har gjeve ut to album og to singlar og turnert i USA, Spania, Tyskland, Noreg og Italia.[34][35] Bandet bidrog òg med sin versjon av låta «Fagre Mø» til tributeplata Sannhet på boks - en hyllest til Raga Rockers i 2015 og sin versjon av «Me and my Vibrator» på tributeplata Dr. Demento - Covered in Punk i 2018.[36][37]

I I 2010 medverka ho i ein episode av NRK-Programmet Trekant, og våren 2013 medverka ho i NRK-Programmet Typen til (Leo Ajkic). Same året deltok ho òg i Masterchef Kjendis.[38] I 2017 bidrog ho i NRK-programmet Line fikser kroppen.[39]

Karriere innan eksotisk underhaldning[endre | endre wikiteksten]

Omberg som 24-åring i 2008, frå den tida ho undersøkte pornoindustrien, noko ho seinare omtalte som eit "sosialt eksperiment".[40]
Foto: Arild J. Waagbø / Nettavisen

Omberg hadde eiga spalte i FHM om seksualitet i perioden 2007–2008.[41] Som ein del av ein repotasjeidé byrja ho å undersøkja pornofilmar i 2008, og i cirka seks veker, fordelt over eit år, spelte ho i eit utval filmar.[42][43] Dette har ho seinare omtalt som eit feministisk initiert "sosialt eksperiment", og ho brukar røynslene flittig i foredragsverksemda i dag.[40]

Ho var òg ein av tre medlemmar i burlesqk-dansegruppa The Fleshoticas.[44] Som burlesk-dansar hadde ho artistnamnet «Miss Prrrrrrrr».[45] Ho var òg sjølvstendig næringsdrivande strippar, og då brukte ho namnet "Strippeline".

Frå 2009 var ho fast spaltist i det pornografiske bladet Aktuell Rapport[46], der ho skreiv fiktive historier. Ho slutta i pornoindustrien i 2009, og la òg opp som strippar i 2012.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2009 Birthday Suit – singel – digitalt og rosa vinyl
  • 2010 Bad All Over – album – digitalt, cd og vinyl
  • 2011 Wam Bam Baby – singel, digitalt
  • 2012 Saturday Night, Rock & Roll - digitalt, CD, vinyl
  • 2015 Sannhet på boks - en hyllest til Raga Rockar #seg[47]
  • 2018 Dr. Demento Covered in Punk - samlealbum / tributealbum[37]

Filmografi (spelefilmar, utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 2009: Tomme Tønner, strippar
  • 2010: Fatso, strippar
  • 2010: Kommandør Treholt og Ninjatroppen, stripper/burleskdansar
  • 2011: Hjelp, vi er russ! - Gudrun Gundersen

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2014 - Prince / Shocadelica, Falck / Aagaard, Falck Forlag
  • 2018 - Det skjer nå - Fortellinger fra en feministisk revolusjon, Helena Brodtkorp (Red.), Kagge Forlag

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jonas Pettersen (2009-10-14). «Lar venninna bruke hitlåt i PORNODEBUT». Dagbladet 2009.10.14. Oslo. s. 44. 
  2. Rune Letrud (11. juni 2010). «Musikkbloggen.no». Henta 20. juni 2020. «Det splitter nye, norske plateselskapet House Of Rock Records er ute med trippel debutlansering.» 
  3. «Firdaposten». 13. mars 2012. Henta 20. juni 2020. «”Saturday Night, Rock & Roll”» 
  4. «Discogs». 
  5. Omberg, Caroline; tobarnsmor; EQ-student, foredragholder og (28. oktober 2017). «Jeg vet hvordan det er å bli kalt hore». Dagbladet.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  6. 6,0 6,1 6,2 ««Gratulerer med vel overstått barnehagedag 2019! Fikk du den med deg?»». www.dagsavisen.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  7. 7,0 7,1 7,2 ««Nå må foreldre bli med i barnehageopprøret»». www.dagsavisen.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  8. 8,0 8,1 8,2 «Slik blir du lurt av porno». NRK P3 (norsk). 23. november 2017. Henta 19. mai 2019. 
  9. 9,0 9,1 «Sjekk DE kule foredragene!». Caroline Omberg (norsk bokmål). 26. september 2017. Henta 19. mai 2019. 
  10. 10,0 10,1 «Skamløsprisen 2018: Topp 10 er klar!». Sex og samfunn. 18. juni 2018. Henta 19. mai 2019. 
  11. 11,0 11,1 E-post, Sist oppdatert: 13 05 2019 Skriv ut Facebook Twitter. «Temakveld for deg som oppdrar jenter 0–18 år - 2019». www.asker.kommune.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  12. 12,0 12,1 «Caroline Omberg Foredrag - Book Foredrag med Caroline Omberg». Athenas (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  13. «– Våre største kritikere har vært oss selv». TV 2 (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  14. Caroline Omberg (04.03.2020). «Å binde førsteklassinger til stol og pult er en avvisning av barns natur.». Dagsavisen. 
  15. «Det skjer i Oslo». 2006. Henta 20.06.2020. «Jungle Exotica» 
  16. Arne D. Skalmeraas. «FHM sparket sex-spaltist». Onlinemagasinet. Henta 30. juni 2008. «[...], sier Caroline, som er utdannet innenfor reklame og merkevarebygging.» 
  17. «Caroline Andersen». Guri Solberg, Bra Damer-podcasten[daud lenkje]. Henta 29. oktober 2017. 
  18. «Om porno: – Voksne må bearbeide sine «fuck-ups»». universitas.no (norsk bokmål). Henta 19. mai 2019. 
  19. «Prince Shockadelica › Bøker › Falck Forlag AS». Falck Forlag (norsk bokmål). Henta 19. mai 2019. 
  20. «Bokanmeldelse: «Det skjer nå»: – Friskt og smart om Spice Girls, hijab og #metoo». www.vg.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  21. «Caroline stilte statsråden til veggs». Barnehage.no (norsk). 9. mai 2018. Henta 19. mai 2019. 
  22. «Opprørsforeldre vil ha kommunale barneombud». www.dagsavisen.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  23. «Barnehageopprør: Kompetanse er ikke kjærlighet!». www.vg.no (norsk). Henta 23. mai 2019. 
  24. Johansen, Øyvind (27. juni 2018). «Vil ha lokale "barneombud" i hver kommune». Barnehage.no (norsk). Henta 23. mai 2019. 
  25. Løkås, Mariell Tverrå (15. januar 2019). «– Det er ikke profesjonen som må få denne kunnskapen, det er politikerne». Barnehage.no (norsk). Henta 23. mai 2019. 
  26. Sandgrind, Silje Wiken (1. juni 2018). «Foreldrene streiket: – Vi er søren ikke ferdige nå!». Barnehage.no (norsk). Henta 23. mai 2019. 
  27. «- Bekymret for de minste barna». TV 2 (norsk). Henta 23. mai 2019. 
  28. Campo, Christina (2. mai 2018). «Hun står bak «Foreldreopprøret»». www.dn.no. Henta 19. mai 2019. 
  29. «– Våre største kritikere har vært oss selv». TV 2 (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  30. «HFU-dagene 2018». Sex og samfunn. Henta 19. mai 2019. 
  31. «Ny debatt». Litteraturhuset (norsk bokmål). Henta 19. mai 2019. 
  32. Ole Christian Foss (6. april 2011). «Slakter film med Caroline Andersen på rollelisten». www.moss-avis.no (norsk). Moss Avis. Henta 18. mai 2019. 
  33. «Caroline vil rocke Helheim». www.f-b.no (norsk). 3. mars 2012. Henta 19. mai 2019. 
  34. AS, TV 2. «Rocke-Caroline satte seg på ansiktet til innpåsliten fan». TV 2 (norsk bokmål). Henta 19. mai 2019. 
  35. «Caroline Andersen skal ta Italia med storm». www.moss-avis.no (norsk). 25. februar 2010. Henta 19. mai 2019. 
  36. Wilhelmsen, Pål Nisja. «Raga Rockers - låt for låt». www.side3.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  37. 37,0 37,1 Demented Punk (12. januar 2018). «Caroline & the Treats - "Me And My Vibrator" (From Dr. Demento Covered In Punk)». Henta 19. mai 2019. 
  38. «Hvem imponerer denne uken? - MasterChef Norge». www.tv3.no (norsk bokmål). Henta 19. mai 2019. 
  39. «NRK TV – Line fikser kroppen» (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  40. 40,0 40,1 Snarby, Anette (16. mars 2019). «Mamma med fortid: Tobarnsmoren Caroline gir blaffen i stripper-fortida - KK». kk.no (norsk). Henta 19. mai 2019. 
  41. Adèle Cappelen Blystad. ««Sparket» av FHM». Se og Hør. Arkivert frå originalen 2008-06-27. Henta 27. juni 2008. «I 10 måneder skrev Caroline […] sexspalten «Carolines linjer» for herrebladet FHM. […]» 
  42. Nettavisen: Caroline (24) søker norske pornostjerner
  43. «Mamma med fortid: Tobarnsmoren Caroline gir blaffen i stripper-fortida». KK. 16. mars 2019. Henta 18. mars 2019. 
  44. Dagsavisen kultur:Burlesk i storbyjungel Arkivert kopiWayback Machine.
  45. Selma Joner og Kristoffer Solberg (28. mai 2018). «Om porno: – Voksne må bearbeide sine «fuck-ups»». universitas.no (norsk bokmål). Universitas. Henta 18. mai 2019. 
  46. «Med rett på seg selv». k7bulletin.no. 21. mars 2017. Henta 29. oktober 2017. 
  47. «Raga-hyllest snart i boks - Heavymetal.no». www.heavymetal.no. Henta 19. mai 2019.