Carols by Candlelight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Carols by Candlelight er ein juletradisjon frå Australia der mange folk saman syng julesongar til levande lys, ofte med musikkakkompagnement. I den australske tradisjonen samlar ein seg gjerne utandørs i ein park for å synga, ettersom jula finn stad om sommaren. Hendinga finn stad anten på julaftan eller helga før julaftan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skikken starta julaftan 1938, då radiomannen Norman Banks frå Melbourne fekk arrangert ei julesongsamling i Alexandra Gardens. Banks skal ha blitt inspirert julaftan året før, då han gjennom eit vindauge såg ei eldre kvinne som song «Away in a manger» til radioen sin i lyset frå eit stearinlys. Carols by Candlelight var meint som ei samling der folk kunne synga saman, med tende lys. Rundt 10 000 menneske møtte til det første arrangementet, og ein tradisjon var fødd. I krigsåret 1940 blei hendinga halden til inntekt for Raudekrossen, Australian Comforts Fund og Austin sjukehus, og rundt 60 000 menneske var med. Sidan 1965 har inntektene frå Carols by Candlelight i Melbourne gått til Vision Australia.

Etter andre verdskrigen blei Carols by Candlelight i Melbourne flytt til Sidney Myer Music Bowl, der arrangementer framleis blei halde i 2010-åra. Hendinga blei først fjernsynsoverført i 1970, av Channel 0, og frå 1979 av Channel. Det blir no send direkte på fjernsyn av Nine Network til heile Australia, New Zealand og fleire stillehavsøyar.

Skikken har også spreidd seg til resten av Austalia, der hendinga kan haldast av kyrkjer, lokale styresmakter eller lokale lag. Eit av dei meir kjende arrangementa er Carols in the Domain i Sydney.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]