Carpi
Carpi | ||
---|---|---|
![]() | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
![]() Emilia-Romagna Modena | |
Borgarmeister | Enrico Campedelli | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
131 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
65 011 466/km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 28 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 41012 | |
Telefon-retningsnummer | 0 59 | |
Nettstad: www.carpidiem.it |
Carpi er ein by i provinsen Modena i regionen Emilia-Romagna i Italia og har om lag 65 000 innbyggjarar. Han er eit travel industrisenter og ein handels- og kulturby.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Namnet «Carpi» skal visa til eit agnbøktre (Carpinus betulus). Byen vart grunnlagd som ein busetnad i Villanova-kulturen.
Den lombardiske kongen Aistulf bygde St. Maria-kyrkja i borga (Castrum Carpi) i 752 og dette var det første steget til ein permanent busetnad i byen. Frå 1319 til 1525 vart han styrt av familien Pio, før han gjekk over til Este, som ein del av Hertugdømet Modena.
Byen fekk sølvmedalje for motet dei viste i motstandskampen mot tyskarane under den andre verdskrigen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Carpi (Modena)» frå Wikipedia på engelsk, den 18. desember 2007.