Rosenfinkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Carpodacus)
Rosenfinkar
Raudkronerosenfink, Carpodacus cassinii
Raudkronerosenfink, Carpodacus cassinii
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Underfamilie: Carduelinae
Slekt: Rosenfinkar Carpodacus
Kaup, 1829

Rosenfinkar er ca. 22 små, frøetande fugleartar som utgjer slekta Carpodacus i finkefamilien. Dei fleste Carpodacus-artane har 'rosefink' som fellesnamn på norsk, men det finst seks unntak. Som namna antyder, er ulike nyansar av raudt karakteristisk farge for fjørdrakta i denne gruppa. Rosenfinkar finst på heile den nordlege halvkula, men det største mangfaldet er i Asia. Arten rosenfink er hekkefugl i Noreg.

Dette er middels til store finkar, som vanlegvis har ein ganske sterk kjønnsdimorfisme. Hannane viser slåande fjørdrakt i karmin til vinraud farge eller mørk til ljos rosa tone. Hoer og ungfuglar har lite iaugefallande grå til brun fjørdrakt, med ljosare underside og slåande mørke striper. Det utvakse nebbet er kjegleforma inst og høgare enn breitt. Det er utforma for sprenging av harde frø. Dei runde naseborene er dekt med fjører. Den heller lange halen er v-forma eller rett avkutta. Songen er melodisk og består av fløytetonar.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Rosenfinkar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.