Carrie Fisher

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carrie Fisher

Fødd21. oktober 1956
FødestadBurbank, USA
Død27. desember 2016 (60 år)
DødsstadUCLA Ronald Reagan Medical Center
FødenamnCarrie Frances Fisher
Aktive år1969–2016
Verka somfilmskodespelar, romanforfattar, skodespelforfattar, stemmeskodespelar, manusforfattar, skribent, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, songar, talsperson, script doctor, filmprodusent, skodespelar
MorDebbie Reynolds
FarEddie Fisher
EktefellePaul Simon
SambuarBryan Lourd, Paul Simon
BornBillie Lourd
PrisarDisney Legends

Carrie Frances Fisher (21. oktober 195627. desember 2016[1]) var ein amerikansk skodespelar, manusforfattar og forfattar, best kjent for rolla som prinsesse Leia i George Lucas sitt fiktive Star Wars-univers.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Fisher vart fødd i Burbank i California som dotter av songaren Eddie Fisher og skodespelaren Debbie Reynolds. Besteforeldra hennar på farssida var jødiske innvandrarar frå Russland.[2] Todd Fisher er ein yngre bror, medan ho var halsyster av skodespelarane Joely Fisher og Tricia Leigh Fisher, som er døtrer av skodespelaren Connie Stevens.

Då Fisher var to år gammal, vart foreldra hennar skilde og faren hennar gifta seg opp att med Elizabeth Taylor. Året etter gifta mora hennar seg med forretningsmannen Harry Karl. Det var tidleg teikn på at Fisher ville byrja i same yrke som resten av familien; ho opptredde saman med mora si i Las Vegas då ho var tolv år gammal. Ho gjekk på Beverly Hills High School, men slutta for å bli med mora si på reisene hennar i samband med jobben. Ho opptredde som debutant og songar i Broadway-oppsetjinga av Irene i 1973 der mora hadde ei av hovudrollene.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

Carrie Fisher var i Noreg då det vart gjort opptak til den andre Star Wars-filmen, Imperiet slår tilbake (1980), då Finse vart brukt til å representera isverda Hoth. Den ferdige filmen har likevel ingen utandørsscener der prinsesse Leia opptrer i norsk natur.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Fisher var gift med musikaren Paul Simon og var i eit forhold med han i fleire år etterpå. I løpet av ekteskapet deira, deltok ho i Simon sin musikkvideo til songen «Rene Magritte And Georgette Magritte With Their Dog After The War». Ho blir referert til i mange av songane til Simon, mellom anna «Hearts and Bones», «Graceland», «She Moves On», og «Allergies».

Etter kvart hadde Fisher eit forhold til agenten Bryan Lourd. Dei fekk ei dotter saman, Billie Catherine Lourd (fødd 17. juli 1992). Forholdet til paret slutta då Lourd forlét henne for ein annan mann. Ho vart kopla til senator Chris Dodd i ein periode, og var kortvarig forlova med skodespelaren Dan Aykroyd. Ho var òg saman med reporteren Bob Tur i 2004–2005

I eit intervju med National Public Radio i 2005, vitsa Fisher om at ho var redd for at viss ho nokosinne vart senil, kunne ho gli tilbake i rollefiguren sin som Princess Leia. Fisher diskuterte offentleg kampen sin med bipolar liding, og dessutan kampen mot pillemisbruket, det mest kjende innslaget vart sendt på ABC-programmet 20/20

Fisher skildra seg sjølv som ein «entusiastisk agnostikar som ville vorte glad for å visast at det finst ein Gud[3]

Død[endre | endre wikiteksten]

Fisher fekk eit hjarteinfarkt på eit fly på frå London til Los Angeles i desember 2016, og ho døydde berre nokre dagar seinare.[4] Eit halvt år seinare vart det klårt at rettsmedisinarane ikkje kunne seia sikkert kvifor ho døydde, men at søvnapné og «andre ubestemte faktorar» spelte inn. I tillegg vart det funne spor av kokain og heroin i kroppen hennar, utan at ein veit om det hadde tyding for dødsfallet. Opphoping av feittvev i blodårene skal òg ha vore ei medverkande årsak til dødsfallet.[5] Debbie Reynolds døydde dagen etter dottera.[6]

Utvald filmografi[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Romanar[endre | endre wikiteksten]

Filmmanus[endre | endre wikiteksten]

  • Helsing frå Hollywood, 1990
  • These Old Broads, 2001
  • E-Girl (2007)

Skodespel[endre | endre wikiteksten]

  • Wishful Drinking, 2006

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carrie Fisher Dead at 60». Henta 27. desember 2016. 
  2. Fisher, JewishAZ.
  3. spirituality: page 2
  4. ««Star Wars»-stjernen Carrie Fisher er død». VG. 27. desember 2016. Henta 19. juni 2017. 
  5. «Carrie Fisher hadde kokain og heroin i kroppen da hun døde - Star Wars - VG». VG. 19. juni 2017. Henta 19. juni 2017. 
  6. Wong, Julia Carrie (29. desember 2016). «Debbie Reynolds dies one day after daughter Carrie Fisher» (på engelsk). Henta 24. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]