Carry Geijssen
| Carry Geijssen | |
| Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
| Fødd | 11. januar 1947 (79 år) Amsterdam |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 1000 meter damer, Hurtigløp på skøyter under Vinter-OL 1968 – 1500 meter damer |
Carry Geijjsen, fullt namn Carolina Cornelia Catharina Geijssen, (fødd 11. januar 1947) er ein tidlegare skeiseløpar frå Nederland. Ho vart olympisk meister på 1000 meter i 1968.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Geijssen deltok internasjonal frå 1964 til 1971. 1966-sesongen vart ho nederlandsk meister, men makta ikkje å gjere seg gjeldande i verdsmeisterskapen. Vinteren 1968 var ho i sitt livs form. Under verdsmeisterskapen i Helsinki enda ho på tredjeplassen, og syrgde for trippelsiger til Nederland ettersom Stien Kaiser vart verdsmeister føre Ans Schut. To veker seinare var ho på plass i OL-byen Grenoble. Den 10. februar vann ho sølvmedaljen på 1500 meter, slått med tre tidels sekund av finske Kaija Mustonen. Dagen etter sikra Geijssen seg den olympiske gullmedaljen på 1000 meter med tre tidels sekund margin til sølvmedaljør Ljudmila J. Titova. Dermed vart ho den aller fyrste nederlendaren med olympisk gull i snøggløp. Sidan nådde Geijssen ikkje å hevde seg i toppen i internasjonale tevlingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Carry Geijssen» frå Wikipedia på nederlandsk, den 5. februar 2026.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1947
- Nederlandske skeiseløparar
- Olympiske meistrar for Nederland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland
- Olympiske meistrar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1968
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1968
- Skeiseløparar under vinter-OL 1968