Carsten Borchgrevink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Carsten Egeberg Borchgrevink

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. desember 1864
Christiania
Død

21. april 1934 (69 år)
Oslo

Utdanning Gjertsens skole i Oslo; Forsthøyskolen i Tharandt, Sachsen
Yrke Forstmann
Kjend for Antarktispioner
Språk engelsk
Far Henrik Christian Borchgrevink
Mor Annie f. Ridley
Ektefelle Constance Prior Borchgrevink, f. Standen
Carsten Borchgrevink på Commons

Carsten Egeberg Borchgrevink (1. desember 186421. april 1934) var ein norsk polarforskar og oppdagingsreisande. Han var ein pioner innan antarktisutforsking, og la mykje av grunnlaget for seinare ekspedisjonar leia av Robert F. Scott, Ernest Shackleton, Roald Amundsen og andre kjende polfararar som er knytte til den heroiske tidsalderen for antarktiskutforsking. Borchgrevink byrja karrieren sin i Antarktis i 1894 som medlem av ein norsk kvalfangstekspedisjon, då han vart eitt av dei første menneska som gjekk i land på det antarktiske kontinentet og samla inn dei første prøvane av levande, organisk material sør for den sørlege polarsirkelen.

Han leia frå 1898 til 1900 den britiske Southern Cross-ekspedisjonen – den første ekspedisjonen som overvintra i Antarktis og som la grunnlaget for kappløpet om Sørpolen. Ekspedisjonen var òg den første som utforska Rossbarrieren sidan James Clark Ross hadde vore der 60 år tidlegare. Borchgrevink og to kollegaer gjekk opp på barrieren og gjennomførte den første sledeferda på isoverflata. Dei nådde ei sørleg breidd på 78°50', det sørlegaste punktet til då nått av menneske. Ved tilbakekomsten til England vart ekspedisjonen trass i sin pionerverksemda motteke med lita interesse av ålmenta og geografimiljøet; merksemda var festa på den komande Discovery-ekspedisjonen til Scott. Borchgrevink sine følgjesveinar var kritiske til leiarskapen hans, og hans eiga framstilling av ekspedisjonen vart sett på som journalistisk og upåliteleg.

Etter Southern Cross-ekspedisjonen var Borchgrevink éin av tre vitskapsmenn som vart sende til Karibia i 1902 av National Geographic Society for å rapportere om etterverknaden av vulkanutbrotet frå Montagne Pelée. Deretter busette han seg i Oslo, der han levde eit tilbaketrekt liv. Pionerarbeidet hans i Antarktis vart etter kvart respektert og heidra av fleire land, og i 1912 fekk han ei gjæv hyllest frå Roald Amundsen. I 1930 anerkjende omsider Storbritannias Royal Geographical Society Borchgrevink sitt bidrag til polarutforskinga og tildelte han Patron's Medal. Samskipnaden innrømde i omtala si at arbeidet hans i samband med Southern Cross-ekspedisjonen ikkje hadde vorte ytt den rettferda han fortente.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Carsten Borchgrevink vart fødd i Oslo som son av den norske advokaten Henrik Christian Borchgrevink og den engelske hustrua hans, Annie f. Ridley.[1] Familien budde på Uranienborg, der Roald Amundsen, ein tidvis leikekamerat, òg voks opp.[2] Borchgrevink gjekk på Gjertsens skole for den høiere almendannelse, og frå 1885 til 1888 på forsthøgskulen i Tharandt i Tyskland.[3]

Ifølgje historikaren Roland Huntford var Borchgrevink ein rastlaus person med lidenskap for eventyr. Dette førte han som 24-åring til Australia etter forstutdanninga.[4] I fire år arbeidde han med statlege oppmålingsarbeid i Queensland og New South Wales, før han busette seg i landsbyen Bowenfels som lærar i språk og naturfag ved Cooerwull Academy.[1] Den første interessa hans for polarutforsking fatta han ved å lese presseomtale av lokale vitskapsmenn sine arbeid i den første australske komiteen for utforsking av Antarktis.[1] Denne organisasjonen, som vart etablert i 1886, undersøkte høva for å etablere permanente forskingsstasjonar i dei antarktiske regionane. Planane vart ikkje gjennomført; det var ei sterk interesse for kommersiell kvalfangst i Sørishavet som gav Borchgrevink høvet for å melde seg til ein norsk ekspedisjon til Antarktis i 1894.[5]

Kvalekspedisjon[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Antarctic-ekspedisjonen 1894–95.

Ekspedisjonen Borchgrevink deltok i vart organisert og leia av Henrik Johan Bull, ein norsk forretningsmann som i likskap med Borchgrevink hadde busett seg i Australia i slutten av 1880-åra. Bull planla ein sel- og kvalfangstekspedisjon i antarktiske farvatn. Etter å ha mislukkast med å skape interesse blant vitskaplege selskap i Melbourne for støtte til eit kombinert kommersielt og vitskapleg gjerande,[6] vende han heim til Noreg for å organisere ekspedisjonen derfrå. Der møtte han Svend Foyn, den 84 år gamle grunnleggjaren av moderne kvalfangst. Med Foyns hjelp fekk han skaffa seg kvalskuta «Cap Nor» som han døypte om til «Antarctic».[7] Bull hyra inn den erfarne kvalskutekapteinen Leonard Kristensen, og med mannskap og ei lita gruppe vitskapsmenn forlét dei Noreg i september 1893.[7][8] Då Borchgrevink fekk høyre at «Antarctic» skulle kome til Melbourne i september 1894, ilte han dit i voner om å få plass ombord. Han var heldig; William Speirs Bruce, ein seinare viktig antarktisk ekspedisjonsleiar, hadde hatt planar om å delta i Bulls ekspedisjon som naturforskar, men hadde ikkje rukka å nå fram til avgangen til skipet frå Noreg. Dette opna eit høve for Borchgrevink som møtte Bull i Melbourne og overtalte han til å ta han med som dekksgut og deltidsforskar.[7]

Skipet til Henrik Bull «Antarctic» i pakkisen.

I dei følgjande månadene hadde «Antarctic» suksess med selfangst rundt subantarktiske øyar, men det viste seg å vere dårleg med kval. Bull og Kristensen avgjorde seg for å føre skipet vidare sørover til område der kval var observert på tidlegare ekspedisjonar.[9] Skipet seglte gjennom eit isbelte og vidare inn i Rosshavet, men kval var framleis ikkje å finne. Den 17. januar 1895 vart det gjennomført ei ilandstiging på Foyn Island i øygruppa Possession Islands, der James Clark Ross hadde planta det britiske flagget i 1841. Bull og Borchgrevink la igjen ei melding i ein boks som framtidig bevis på ilandstiginga deira.[10] Borchgrevink fann lav på øya, det første plantelivet oppdaga sør for den sørlege polarsirkelen.[7] Den 24. januar var skipa i nærleiken av Kapp Adare på den nordlegaste delen av Victoria Land på det antarktiske kontinentet. Ross-ekspedisjon hadde ikkje vore i stand til å kome i land der i 1841, men då «Antarctic» nærma seg land, vart tilhøva rolege nok til at ein lettbåt kunne setjast på vatnet. Ei gruppe med Bull, Kristensen, Borchgrevink og fleire andre sindige kursen mot ei rullesteinstrand nedanfor forberget. Kven som var først i land har vore gjenstand for strid; både Kristensen og Borchgrevink hevda å ha vore først,[9] saman med den 17 år gamle, newzealandske sjømannen Alexander von Tunzelmann som fortalde at han hadde «hoppa ut for å halde båten stødig».[7] Gruppa hevda at dette var den første ilandstigninga på det antarktiske fastlandet, men moglegvis var den amerikanske kapteinen John Davis i land på Den antarktiske halvøya i 1821. Andre fangstekspedisjonar kan òg ha vore i land før ekspedisjonen til Kapp Adare.[7][11]

Medan dei var i land ved Kapp Adare samla Borchgrevink fleire prøver av stein og lav; sistnemnde skulle vise seg å vere av stor interesse i vitskaplege kretsar, som hadde tvilt på evna til vegetasjonen til å overleve så langt sør.[12] Han studerte òg strandlinja nøye og vurderte høva for på ein framtidig ekspedisjon å gå i land og etablere ein overvintringsleir.[13] Då «Antarctic» nådde Melbourne, mønstra Bull og Borchgrevink av skipet. Begge håpte å skaffe middel til ein ny Antarktis-ekspedisjon, men ingen av dei lukkast.[10] Eit uvennskap utvikla seg mellom dei, moglegvis på grunn av dei sprikande skildringane deira om reisa med «Antarctic»; begge framheva si eiga rolle utan fullt ut å anerkjenne den andre si rolle.[14]

Planlegging av ein eigen ekspedisjon[endre | endre wikiteksten]

Den internasjonale geografiske kongressen i 1895[endre | endre wikiteksten]

For å fremje ideane sine om ein ekspedisjon som skulle overvintre ved Kapp Adare på det antarktiske kontinentet, skunda Borchgrevink seg til London der Royal Geographical Society var vert for den sjette internasjonale geografiske kongressen. Den 1. august 1895 vendte han seg til kongressen, der han gjorde reie for høvet av å nytte stranda ved Kapp Adare som leirplass for ein vitskapleg ekspedisjon gjennom den antarktiske vinteren.[13] Han skildra området som «ei trygg plassering for hytter, telt og proviant», og fortalde at det var indikasjonar på at på denne plassen «utviser ikkje den grenselause krafta til polarsirkelen heile den valdsame makta si».[13] Han indikerte òg at det indre av kontinentet kunne vere tilgjengeleg via ei enkel rute med «jamn stiging». Han avslutta foredraget sitt med å kunngjere at han var villig til å leie ein ekspedisjon dit sjølv.[13]

Hugh Robert Mill, som var bibliotekar i Royal Geographical Society, var til stades på kongressen og rapporterte om reaksjonane på foredraget: «Dei bryske manerane og brå talen hans rørte opp dei akademiske diskusjonane med ein frisk bris av realisme. Ingen hadde mykje til overs for Borchgrevink, men han hadde ein dynamisk kvalitet og var fast avgjort på å reise ned igjen til det ukjente sør, noko som fall inn hos fleire av oss som eit godt teikn for utforsking».[10] Kongressen gav likevel ikkje tilslutninga si til ideane til Borchgrevink; i staden vedtok dei ein generell resolusjon til støtte for utforsking av Antarktis der dei foreslo at «dei einskilde vitskaplege selskapa rundt om i verda skulle oppfordra til, på den måten dei sjølv rekna mest effektiv, at ein går i gang med dette arbeidet før utgangen av hundreåret».[15]

Manglande støtte[endre | endre wikiteksten]

Sir Clements Markham, presidenten i Royal Geographical Society som motsette seg Borchgrevink sine planar

I dei to neste åra reiste Borchgrevink rundt i Europa og Australia for å skaffe støtte og garantiar for ekspedisjonsideane sine, men utan særleg resultat.[8] Norsk støtte var umogleg fordi «Fram»-ekspedisjonane hadde stukke av med det som var mogleg å skaffe, og den norske interessa var retta mot nord.[16] Nansen vart rådspurt, men det resulterte ikkje i anna enn eit ynske om å reise til Vest-Antarktis for å leite etter Adrien de Gerlaches ekspedisjon som hadde vore borte i eit år, utan å vere utrusta for overvintring. Borchgrevink hadde slettes ikkje noko ynske om å endre planane sine, noko Nansen hadde vanskeleg for å tilgje han.[17]

Borchgrevink freista å få til eit samarbeid med William S. Bruce, som òg planla ein ekspedisjon til Antarktis. Det felles planet deira stranda då Borchgrevink, som hadde eit vanskeleg forhold til Henrik Bull, fekk reie på at Bruce var i diskusjonar med han; «Eg beklagar difor at vi ikkje kan samarbeide», skreiv Borchgrevink til Bruce.[14] Han oppdaga òg at Royal Geographical Society hadde halde skjult eigne planar om ein Antarktis-ekspedisjon sidan 1893. Under påverknad av presidenten til selskapet, Clements Markham, var dette prosjektet ikkje berre rekna som ein vitskapleg affære, men òg som eit forsøk på å gjenopplive den tidlegare stordomen til Royal Navy innan polarutforsking.[18] Dette skulle etter kvart utvikle seg til National Antarctic Expedition under leiing av Robert F. Scott, og det var desse planane framfor Borchgrevink sine moderate planar som trekte til seg interesse frå dei vitskaplege selskapa. Markham var ein innbiten motstandar av private initiativ som kunne kome til å gå ut over den økonomiske støtta til prosjekta hans, og Borchgrevink, som måtte innsjå at han stod utan praktisk støtte, skreiv: «Det var ein bratt motbakke eg måtte skyve min antarktiske rullestein opp».[15]

George Newnes[endre | endre wikiteksten]

Under leitinga etter støttespelarar møtte Borchgrevink den britiske forleggaren og redaktøren George Newnes, som blant anna hadde The Strand Magazine i porteføljen sin.[19] Det var ikkje uvanleg for forleggarar å støtte utforsking – Den store rivalen til Newnes, Alfred Harmsworth (seinare Lord Northcliffe) hadde nyleg finansiert Frederick Jackson sin ekspedisjon til Frans Josefs landJackson-Harmsworth-ekspedisjonen»), og han hadde gjeve lovnad om økonomisk bidrag til Discovery-ekspedisjonen.[20] Newnes var tilstrekkeleg imponert over Borchgrevink til at han tilbaud full dekning av kostnadene for den føreslåtte ekspedisjonen – omkring 40 000 pund,[20] (minst 3 millionar pund i 2008-verdi).[21] Denne sjenerøsiteten gjorde Markham og det geografiske miljøet rasande, då dei såg på Borchgrevink som ein blakk, norsk uviktig person som hadde sikra seg britiske pengar som dei meinte burde tilfall dei.[22] Markham opprettheldt forakta si og fiendskapen overfor Borchgrevink[22] og kritiserte seinare Mill for å ha delteke på tilstellinga ved utreisa til ekspedisjonen.[23]

Newnes sette som vilkår at ekspedisjonen skulle namngjevast «the British Antarctic Expedition» og segle under britisk flagg.[24] Av dei totalt 29 mennene som deltok på toktet, var berre to britar, medan det var éin australiar og resten nordmenn.[20] Trass i dette ville Borchgrevink freiste å framheve den britiske karakteren til ekspedisjonen. Han nytta det personlege flagget til hertugen av York og tok med seg 500 bambusstenger med miniatyrversjonar av Union Jack for «utforsking og utviding av det britiske imperiet».[25]

Southern Cross-ekspedisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Southern Cross-ekspedisjonen.

Overvintring i Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Portrett av Carsten Borchgrevink frå rundt 1900.
Stranda ved Kapp Adare med pingvinkolonien i 2001.

Med finansieringa i orden fekk Borchgrevink skaffa seg ishavsskuta «Pollux»[10] som han døypte om til «Southern Cross» og utstyrte til ekspedisjonsskip. «Southern Cross» seglte frå London i august 1898, og etter stopp i tre veker i HobartTasmania kom skipet fram til Kapp Adare 17. februar 1899. Her, på staden som Borchgrevink hadde skildra for den geografiske kongressen, sette ekspedisjonen opp den aller første landbasen på det antarktiske kontinentet – midt i ein pingvinkoloni. Han vart kalla «Camp Ridley» til ære for Borchgrevinks mor.[8] Den 2. mars segla «Southern Cross» for overvintring i New Zealand og etterlét seg ei gruppe på ti personar med proviant, utstyr og 70 hundar.[26] Dette var første gongen ein tok hundar med til Antarktis.

Louis Bernacchi, ekspedisjonen sin australske fysikar, skreiv etter ekspedisjonen: «Borchgrevink var på mange måtar ikkje ein eigna leiar».[27] Borchgrevink var openlyst ingen autokrat, men utan ei ramme av eit akseptert hierarki skildra Bernacchi ein rådande tilstand av «demokratisk anarki» der dagane bestod av møkk, uorden og inaktivitet.[28] Vidare, etter som vinteren utvikla seg, viste det seg at Borchgrevink si tru på at Kapp Adare ville vere skåna mot det vondaste antarktiske vêret slo feil; han hadde faktisk vald ein stad som var særskild eksponert for iskald sønnavind frå innlandsisen.[29] Etterkvart som tida gjekk vart stemninga meir og meir laber; mennene vart irritable og keisemda rådde.[30] Det var fleire alvorlege uhell: eit stearinlys ein ikkje passa på førte til tilløp til brann, og ved eit anna høve var fleire av mennene nær ved å bli kvelt av kolos frå omnen.[10] Borchgrevink freista å etablere ein dagleg rutine, og det vitskaplege arbeidet vart gjennomført kontinuerleg. Han skreiv likevel, med referanse til den generelle mangelen på fellesskap: «Stilla brølar i øyra våre».[24] Det la ein ytterlegare dempar på moralen at zoologen i gruppa, Nicolai Hanson, vart dødssjuk og døydde 14. oktober.[31]

Ei teikning av Rossbarrieren frå 1843. Borchgrevink var den første til å segle langs barrieren sidan Ross-ekspedisjonen 1839–1843.

Då vinteren gjekk mot slutten og tilhøva gjorde det mogleg å gjere sledeferder, viste deg seg snart at det Borchgrevink trudde var ei enkel rute til innlandet ikkje stemde. Høge fjellkjeder med massive isbrear skilde Kapp Adare frå det indre av kontinentet, og dette avgrensa utforskinga til dei næraste områda rundt leiren.[24][27] Likevel var hovudføremålet til Borchgrevink med ekspedisjonen innfridd – å overvintre på det antarktiske kontinentet og gjennomføre vitskaplege målingar der. Då «Southern Cross» vende tilbake i slutten av januar 1900, vedtok Borchgrevink å forlate leiren trass i at det fanst tilstrekkeleg med drivstoff og proviant for ei overvintring til.[32] I staden for å vende direkte heim, seglte «Southern Cross» sørover og vitja fleire øyar i Rosshavet. Dei nådde deretter isbarrieren som James Clark Ross hadde oppdaga på ferda si 1839–43 og som seinare vart oppkalla etter han.[10] Ingen hadde seglt langs barrieren sidan den gongen, og Ross hadde ikkje vore i stand til å gjennomføre ei ilandstiging. Borchgrevink oppdaga ei vik langs barrierekanten som seinare vart namngjeven Bay of Whales (Hvalbukta) av Shackleton.[8] Den 16. februar 1900 gjekk dei som dei første i land på isbarrieren, og Borchgrevink og to andre ekspedisjonsmedlemmer gjorde ei sledereise 16 kilometer sørover til 78°50'S – ein ny sørleg rekord.[10][33] «Southern Cross» seglte deretter nordover og nådde New Zealand 1. april. Borchgrevink telegraferte straks om skjebnen til ekspedisjonen og returnerte med ein passasjerdampar til England.[34]

Tilbakekomst og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Mottakinga ved tilbakekomsten til ekspedisjonen til England var lunken. Den offentlege merksemda var retta mot den føreståande nasjonale antarktisekspedisjonen der Robert F. Scott nettopp var vorte utpeikt som leiar,[35] framfor eit gjerande som stod fram som engelsk berre i namnet. Trass i Southern Cross-ekspedisjonen sine bragder, var delar av det geografiske miljøet framleis fortørna over at Newnes hadde gjeve støtte til Borchgrevink og røva midlar frå den nasjonale antarktisekspedisjonen.[10] Vidare beklaga William S. Bruce at Borchgrevink hadde nytta seg av planar han sjølv hadde utvikla, men ikkje vore i stand til å gjennomføre.[14] Borchgrevink sitt truverde vart ikkje betre av den skrytande tonen som gjennomsyra artiklar som vart publisert i tidsskriftet til Newnes,[22] heller ikkje av den journalistiske stilen i ekspedisjonsskildringa hans First on the Antarctic Continent som vart utgjeven i 1901.[1]

Borchgrevink hylla sin eigen ekspedisjon som ein stor suksess og snakka om «eit nytt Klondyke», ein overflod av fisk, selar og fuglar, og om metallførekomstar.[36] Han lista opp dei viktigaste landevinningane under ekspedisjonen i boka si: bevis for at ein ekspedisjon kunne overvintre i Victoria Land, eitt år kontinuerlege magnetiske og meteorologiske observasjonar, posisjoneringa av av den magnetiske sørpolen, oppdagingar av nye arter insekt og gruntvassfauna, kartlegging av kysten og oppdaginga av nye øyar, den første ilandstiginga på Ross Island og til slutt ilandstiginga på isbarrieren og sledeturen til 78°50'S, det sørlegaste punktet nokosinne nådd av menneske.[37] Likevel hadde valet av overvintringsleir ved Kapp Adare gjort at ein ikkje kunne gjere omfattande geografisk utforsking av det indre av kontinentet.[18] Dei vitskaplege resultata var mindre omfattande enn forventa, delvis på grunn av tapet av delar av dei naturhistoriske notata til Nicolai Hanson.[38] Borchgrevink var moglegvis skyldig i at desse var vorte borte;[39] han vart seinare involvert i ein tvist med Hansons tidlegare arbeidsgjevar, Natural History Museum i London over desse forsvunne notata og prøveeksemplar samla av Hanson.[40]

Etter tilbakekomsten sin frå Antarktis vart Borchgrevink ært av American Geographical Society og utnemnd til riddar av St. Olavs Orden.[8] Seinare tok han imot tilsvarande heider i Danmark og Austerrike, men i England var arbeida hans i mange år i stor grad oversett trass i Mills heider av «eit flott stykke pionerarbeid, nyttig for opplæring av menn for seinare teneste».[38] Historikaren David Crane indikerer at dersom Borchgrevink hadde vore britisk marineoffiser ville britane teke hans bragd meir seriøst.[27]

Pelée-katastrofen[endre | endre wikiteksten]

Borchgrevink i 1898

Sommaren 1902 var Borchgrevink éin av tre geografar som var invitert av National Geographic Society (NGS) for å rapportere frå følgja etter dei katastrofale utbrota frå Montagne Pelée på den karibiske øya Martinique.[41][42] Desse utbrota hadde lagt byen Saint-Pierre i ruinar i mai 1902 med enorme dødstal.[43] Borchgrevink vitja øya i juni då den vulkanske aktiviteten hadde stilna og konstaterte at fjellet var «fullt roleg» og at panikken blant øybuarane hadde minka.[44] Han trudde likevel at Saint-Pierre aldri ville bli folkesett igjen.[44] Han rapporterte så vidt å ha sleppt unna då damp hadde sprutt opp av bakken like etter at gruppa hans hadde passert: «Viss han hadde treft nokre av oss, ville vi ha vorte skålda til døde».[44] Han overleverte seinare rapporten sin til NGS i Washington.[44]

Seinare liv[endre | endre wikiteksten]

Etter heimkomsten frå Washington levde Borchgrevink eit relativt tilbaketrekt liv. I september 1896 hadde han gifta seg med engelske Constance Prior Standen. Dei busette seg på Slemdal i Oslo der dei fekk to søner og to døtrer, der eldstesonen Ridley vart ein kjend biletkunstnar. Borchgrevink dreiv hovudsakleg med sportslege og litterære aktivitetar, og skreiv ei bok med tittelen The Game of Norway.[10][40] Ved to høve vurderte han tilsynelatande å vende tilbake til Antarktis. I august 1902 uttrykte han at han hadde føremål om å leie ein antarktisekspedisjon for National Geographic Society, noko som ikkje vart noko av. Eit seinare føretak som vart annonsert i Berlin i 1909 vart det heller ikkje noko av.[40]

Robert Falcon Scott. Borchgrevink gav heider til Scott etter Terra Nova-katastrofen.

Sjølv om han vart verande ute av rampelyset, opprettheldt Borchgrevink interessa si for antarktiske saker og vitja Scott kort før «Terra Nova» la ut på den siste antarktisekspedisjonen sin i juni 1910. Då meldinga om lagnaden hans nådde omverda, heidra Borchgrevink Scott: «Han var den første til å gjennomføre ein godt organisert ekspedisjon og den første som gjennomførte systematiske undersøkingar på det store sørpolskontinentet».[45] I eit kondolansebrev til John Scott Keltie, sekretær Royal Geographical Society, skreiv Borchgrevink om Scott: «Han var ein mann!»[46]

I Noreg var meiningane om Borchgrevink delte; Roald Amundsen var ein trufast ven og støtta han,[24] medan Fridtjof Nansen, ifølgje Scott, omtalte han som ein «gedigen bløff».[47] Då Amundsen vende heim frå sørpoltriumfen sin i 1912, roste han Borchgrevink sitt pionerarbeid: «Vi må erkjenne at Borchgrevink ved å gå i land på barrieren har opna ein veg mot sør og kasta den største hindringa til side for dei etterfølgjande sørpolsekspedisjonar».[48]

I 1930 kom omsider den forseinka heideren frå London då Royal Geographical Society ærte han med sin Patron's Medal og uttalte at omfanget av problema han hadde overvunne hadde opphavleg vorte undervurdert: «Det var først etter Scotts Northern Party (...) vi var i stand til å innsjå kor lite truleg det var at nokon utforskar kunne utrette meir i Kapp Adare-området enn det Hr. Borchgrevink hadde gjort.»[10]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Nyare fotografi av hyttene til Southern Cross-ekspedisjonen ved Kapp Adare. Forlegningshytta til venstre.

Carsten Borchgrevink døydde i Oslo 21. april 1934. Trass i hans «noko besette ynske om å vere først»[1] og den avgrensa vitskaplege utdanninga hans har han vorte anerkjend som ein pioner innan arbeid i Antarktis og som ein forløpar for seinare, meir omfattande ekspedisjonar.[1] Ei rekkje geografiske objekt i Antarktis er oppkalla etter han, inkludert Borchgrevink Coast i Victoria Land mellom Kapp Adare og Kapp Washington, Borchgrevinkbreen i Victoria Land og Carsten Borchgrevinkisen i Dronning Maud Land.[8] Namnet hans blir òg bore av ein liten antarktisk fisk, Pagothenia borchgrevinki,[49] og ei leddyrslekt, Borchgrevinkium. Ekspedisjonshytta hans står framleis ved Kapp Adare og vert vedlikehalde av New Zealands Antarctic Heritage Trust.[50] Bygningane vart utpeikt til spesielt verneområde (Antarctic Specially Protected Area (OSPA) nr 159) i 2002.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Swan, R.A. «Borchgrevink, Carsten Egeberg (1864–1934)». Australian Dictionary of Biography. Henta 16. august 2010. 
  2. Huntford (1983), s. 28
  3. «Eksepdisjonens medlemmer». Antarctic Heritage Trust. Henta 16. august 2010. 
  4. Huntford (2000), s. 38
  5. «Australian Antarctic Division». Australian Government: Department of the Environment. Henta 16. august 2010. 
  6. McConville, Andrew (April 2007). «Henrik Bull, the Antarctic Exploration Committee and the first confirmed landing on the Antarctic continent». Polar Record (Cambridge University Press) 43 (2): 143–152. doi:10.1017/S0032247407006109. Henta 16. august 2010. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Burton, s. 677–78
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 «Norges glemte oppdager». Antarctic Heritage Trust. Henta 16. august 2010. 
  9. 9,0 9,1 «Den første landsettingen». Antarctic Heritage Trust. Henta 16. august 2010. 
  10. 10,00 10,01 10,02 10,03 10,04 10,05 10,06 10,07 10,08 10,09 «Carsten Borchgrevink (1864-1934)». South-pole.com. Henta 16. august 2010. 
  11. «An Antarctic Timeline». South-pole.com. Henta 16. august 2010. 
  12. Borchgrevink (1901), s. III
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 Borchgrevink (1901), s. 4–5
  14. 14,0 14,1 14,2 Speak, s. 38–40
  15. 15,0 15,1 Borchgrevink (1901), s. 9–10
  16. Næss, s. 124
  17. Hasle, s. 124
  18. 18,0 18,1 Crane, s. 75
  19. Jenks, John. «Review of Jackson, Kate: George Newnes and the New Journalism in Britain, 1880–1910 (Ashgate Publishing, Aldershot, 2001)». JHistory. Henta 16. august 2010. 
  20. 20,0 20,1 20,2 Jones, s. 59
  21. «Measuringworth». The Institute for the Measurement of Worth. Henta 16. august 2010. 
  22. 22,0 22,1 22,2 Huxley, s. 25
  23. Jones, s. 60
  24. 24,0 24,1 24,2 24,3 Preston, s. 14
  25. Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition: Equipment and Personnel for the Expedition». University of Canterbury. Henta 16. august 2010. 
  26. Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition: Arrival at Cape Adare». University of Canterbury. Henta 16. august 2010. 
  27. 27,0 27,1 27,2 Crane, s. 74–75
  28. Fiennes, s. 43
  29. Mills, s. 94–96
  30. Crane, s. 153
  31. Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition: First Burial on the Continent». University of Canterbury. Henta 16. august 2010. 
  32. Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition: Departure of the Expedition». University of Canterbury. Henta 16. august 2010. 
  33. Mill, s. 402
  34. Coleman, s. 243
  35. Crane, s. 89. Scott aksepterte utnemninga 11. juni, fem dagar før Borchgrevink kom fram.
  36. Harrowfield, David. «The Southern Cross Expedition: Results of the Expedition». University of Canterbury. Henta 16. august 2010. 
  37. Borchgrevink (1901), s. 7
  38. 38,0 38,1 Mill, s. 403
  39. Coleman, s. 240
  40. 40,0 40,1 40,2 Harrowfeld, David. «The Southern Cross Expedition: What became of Borchgrevink?». University of Canterbury. Henta 16. august 2010. 
  41. Fellows, Rev. Samuel (Introduksjon) (1906). «Complete Story of the San Francisco Horror, by the Survivors and Rescuers». New York: Herbert D Russell. Henta 16. august 2010.  (Kapittel XXIII av Trumbull White)
  42. «Mt Pelée Eruption (1902)». San Diego State University. Henta 16. august 2010. 
  43. «The Structural Effects of Pyroclastic Flow». University of Virginia. Henta 16. august 2010. 
  44. 44,0 44,1 44,2 44,3 «An Explorer's Experiences». New York Times. 4. juni 1902. Henta 16. august 2010. 
  45. «Navnløs nyhetsrapport». New York Times. 12. februar 1913. Henta 16. august 2010. 
  46. Jones, s. 248
  47. Crane, s. 94
  48. Amundsen, s. 25–26
  49. «ITIS Report: Pagothenia Borchgrevinki». ITIS. Henta 16. august 2010. 
  50. «Antarctic Specially Protected Areas». Antarctic Heritage Trust. Henta 16. august 2010. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Øvrig litteratur
  • Baugman, T.H. (1994). Before the heroes came : Antarctica in the 1890s. University of Nebraska Press. ISBN 0-8032-1228-3. 
  • Borchgrevink, Carsten E. (1905). Nærmest Sydpolen aaret 1900. København. 
  • Isachsen, Bjørn O. (2004). «Carsten Borchgrevink og de glemte polferdene mot Antarktis». Historie (1). 
  • Gramsborg, Per (1992). «The first man to have set foot on the Antarctic continent». The Norseman (2). 
  • Vogt, David (2008). Vår glemte polarhelt - Carsten Borchgrevink og Southern Cross-ekspedisjonen 1898-1900. Oslo: Aschehoug. ISBN 9788203291388.