Caruachi kraftstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utlaupet frå kraftverket

Caruachi kraftstasjon, med offisielt namn "Central Hidroeléctrica Francisco de Miranda en Caruachi" står i ei demning over elva Caroní, ca. 59 kilometer nedanfor Guridemninga og omkring 35 km opp frå staden der Caroní munnar ut i Orinoco ved Ciudad Guayana.

Kraftverket starta med leveransar av elektrisitet i april 2003 då den første av tolv 180 megawatt kom i drift. Den siste turbinen kom i gang i februar 2006. Kraftverket vart offisielt opna 31. mars same år. General Electric leverte turbinane, medan ei gruppe av General Electric, Kværner og Elin Transormatoren fekk kontrakt på design, utvikling og installasjon av elektromekanisk utstyr. ABB leverte systema for overføring av kraft. Arbeidet starta i 1998.

Den totale kapasiteten er no 2 160 megawatt med ein venta årleg energiproduksjon på 12 000 GWh. Fallhøgda ved normal drift er 91 meter.

Caruachi er eit av fleire utbyggingsprosjekt for å nytte ut energien i Caroní-vassdraget. Dei andre er Central Hidroeléctrica Simón Bolívar i Guri, Antonio José de Sucre i Macagua og Tocoma samt nedre Caroní vasskraftverk som samla sett vert hevda å utgjere verdas største hydroelektriske energiprosjekt. Det er òg hevda at det ferdige komplekset i Caroní vil samla produsere elektrisitet som svarar til ein oljeproduksjon på 500 0000 fat om dagen.