Casale Monferrato

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Casale Monferrato
Via Lanza
Via Lanza
Via Lanza
Plassering
Casale Monferrato is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Alessandria
Geografi
Flatevidd
 - By

86,32 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

36 081
  418/km²
Koordinatar 45°08′0″N 8°27′0″EKoordinatar: 45°08′0″N 8°27′0″E
Høgd over havet 116 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 15033
Telefon-retningsnummer 0142
Nettstad: www.comune.casale-monferrato.al.it

Casale Monferrato er ein by i regionen Piemonte nordvest i Italia og ein del av provinsen Alessandria. Han ligg om lag 60 km aust for Torino på høgresida av elva Po, der elva renn ved foten av åsane Monferrato. Bortanfor elva ligg den store sletta i Podalen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til byen er stort sett ukjend. Ein veit at den galliske busetnad i Vardacate (frå var, 'vatn'; ate, 'folkesett stad') låg i området og seinare vart ein romersk municipium. Ved byrjinga av 700-talet var han ein liten by underlagt lombardarane og var truleg kalla Sedula eller Sedulia. I følgje nyare og usikre kjelder var det her at ein Evasius med 146 tilhengjarar vart halshogd etter ordre frå ariansk hertug Attabulo. Liutprand av lombardane er sagt å ha bygd ei kyrkje tileigna Evasius. Ein veit at det oppstod ei sekt etter martyren og i 988 vart byen kjend som Casale di Sant’Evasio.

I tida til Karl den store kom byen ein lita stund under biskopane av Vercelli og vart frigjeve av Fredrik Barbarossa, keisar av Det tysk-romerske riket og konge av Italia. Han vart plyndra av anti-keisarlege troppar frå Vercelli, Alessandria og Milano i 1215, men gjenoppbygd med festningsverk i 1220. Han vart underlagt makta til markien av Montferrat i 1292 og vart seinare sete for markien.

I 1536 kom han inn under Gonzaga frå Mantua, som forsterka festningsverka. Etter dette var han ein mektig festningsby.

I 1745, etter nederlaget til den piemontesiske armeen i slaget ved Bassignano, vart Casale okkupert av dei sigrande franske og spanske troppane. Det vart gjort stor skade på bygningane i byen, og byen vart renovert i barokkstil.[1]

Byen stod imot åtak frå Austerrike i 1849 og vart gjort enno sterkare i 1852. Mot slutten av 1800-talet vart han kjend som «Sementhovudstaden» (capitale del cemento) på grunn av dei store mengdene portlandsement i åsane i nærleiken, og på 1900-talet opstod det trykkpresse- og kjøleanleggindustriar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Grignolio, s. 15
Grignolio, Idro (1983). Casale Monferrato. Casale Monferrato: Media editrice. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Casale Monferrato