Hopp til innhald

Cassiodorus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cassiodorus

StatsborgarskapAustromarriket, Østgoterriket Italia
Fødd487
Scylletium
Død

583
Scylletium

Yrkepolitikar, historikar, musikkforskar, skribent, musikkteoretikar, filosof
FarCassiodorus Patricius
Cassiodorus på Commons

Flavius Magnus Aurelius Cassiodorus Senator (fødd 490, død ca. 585) var ein latinsk historikar og forfattar frå seinantikken. Senator var ein del av namnet hans, og ikkje embetet hans.

Cassiodorus blei fødd i Scylletium i Bruttium i det austgotiske riket i noverande Italia i 480.[1] Han var romar av fødsel, ikkje gotar, og hadde fleire stillingar som romersk embetsmann. Han var kvestor frå 507 til 511 og blei romersk konsul i 514. Han naut stor respekt under austgotarkongen Teoderik den store, og då kongen døydde i 526 blei han magister officiorum, ein slags innanriksminister. Seinare trekte han seg tilbake og grunnla klosteret Vivarium. Her byrja han å skriva. Av tema han skreiv om kan nemnast historie, teologi og musikk.

Han skreiv eit 12-binds verk om gotarane som no er gått tapt, men som var den viktigaste kjelda til Jordanes sitt verk De origine actibusque Getarum (Om opphavet og gjerningane til gotarane).

Han skreiv også Institutiones litterarum, ein slags encyclopedi.