Castelvetrano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bybilete i Castelvetrano

Castelvetrano er ein by og ein kommune i provinsen Trapani i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har i kring 31 000 ibuarar og eit areal på 206,4 km². Byen ligg 187 meter over havet, om lag 70 kilometer sør for provinshovudstaden Trapani.

Landbruk og næringsmiddelindustri er hovudnæringar i Castelvetrano, begge basert på dyrking og tilvirking av oliven og vin. Turisme er ein anna hovudnæring.

Ruinbyen Selinunt, eit minne frå den tida greske folk rådde i området, ligg i kommunen.

Den leiande fascist-ideologen Giovanni Gentile var frå Castelvetrano.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]