Castlevania: Aria of Sorrow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Castlevania: Aria of Sorrow
Castlevania Aria of Sorrow logo.png
Utviklar(ar)Konami Computer Entertainment Tokyo
Utgjevar(ar)Konami
Regissør(ar)Junichi Murakami
Produsent(ar)Koji Igarashi
Komponist(ar)Michiru Yamane
Takashi Yoshida
Soshiro Hokkai
Plattform(er)Game Boy Advance
UtgjeveJP: 8. mai 2003
NA: 6. mai 2003
EU: 9. mai 2003
SjangerPlattform, action-rollespel
SpelemodusEinspelar

Castlevania: Aria of Sorrow er eit plattformspel utvikla og utgjeve av Konami til Game Boy Advance. Det er det tredje og siste spelet i Castlevania-serien på Game Boy Advance og vart utgjeve i Japan, Nord-Amerika og Europa i mai 2003. Produsenten Koji Igarashi, som har leidd produksjonen av tidlegare Castlevania-titlar, leidde òg utviklinga av Aria of Sorrow. Michiru Yamane returnerte òg for å komponere musikken til spelet, saman med Takashi Yoshida og Soshiro Hokkai.

Handlinga i Aria of Sorrow går føre seg i år 2035, etter at Dracula har vorte forsegla vekk etter eit slag i 1999. Spelet følgjer ferda til Soma Cruz, ein tenåring som har motteke okkulte krefter som følgje av å vere eit potensielt ilåt for reinkarnasjonen av Dracula, medan han kjempar mot skikkelsar som vil overta kreftene til den mektige vampyren. Aria of Sorrow innlemmar same kombinasjonen av element frå plattformspel og rollespel som det tidlegare Castlevania-spelet Symphony of the Night. Det introduserer også fleire nye element til serien, som at spelaren kan ta til seg ferdigheiter frå fiendar via «Tactical Soul»-systemet og ei futuristisk setting, til skilnad frå mellomaldersettinga i mange av dei andre Castlevania-spela.

Spelet selde mindre bra i Japan, men gjorde det godt i Nord-Amerika. Dert vart utgjeve på nytt i 2006, i ein dobbel pakke saman med spelet Castlevania: Harmony of Dissonance.[1] Ein oppfølgjar til spelet, Castlevania: Dawn of Sorrow, vart utgjeven i 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Castlevania Double Pack». Eurogamer. 23. februar 2006. Henta 2. juli 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Castlevania: Aria of Sorrow