Cate Blanchett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cate Blanchett
Cate Blanchett-0547 (cropped).jpg
Fødd14. mai 1969 (53 år)
FødestadMelbourne
FødenamnCatherine Élise Blanchett
Aktive år1992–
Verka somfilmprodusent, filmregissør, teaterskodespelar, filmskodespelar, skodespelar, stemmeskodespelar, fjernsynsprodusent
EktefelleAndrew Upton
PrisarOscar for beste kvinnelege hovudrolle, Oscar for beste kvinnelige birolle, Golden Globe, BAFTA Award for Best Actress in a Leading Role, Volpi-pokalen for beste kvinnelige filmrolle, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Supporting Role, Independent Spirit Award for Best Supporting Female, Empire Award for Best Actress, Crystal Award, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, Screen Actors Guild Award, Independent Spirit Awards, Empire Award, æresdoktot ved Universitetet I Sydney, companion av Order of Australia, Crystal Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Premio Goya InternacionalIng

Catherine Élise «Cate» Blanchett (fødd 14. mai 1969) er ein australsk skodespelar, filmprodusent og teaterregissør. Ho har vunne ei rekkje prisar, blant anna to Oscar, tre Screen Actors Guild Awards, tre Golden Globes og tre British Academy Film Awards (BAFTA). Ho hadde filmdebuten sin med krigsfilmen Paradise Road (1997), og slo gjennom som Elisabeth I av England i dramafilmen Elizabeth frå 1998. Ho vann ein Golden Globe og ein BAFTA-pris, og vart nominert til ein Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for denne rolletolkinga.

Ho fekk òg god kritikk for rolleskildringane i dramafilmane The Aviator (2004) og Blue Jasmine (2013); Blanchett vann Oscar-prisar for høvesvis beste kvinnelege birolle og hovudrolle for desse filmane. Blanchett har elles vorte nominert for rollene i Notes on a Scandal (2006), Elizabeth: The Golden Age (2007), I'm Not There (2007) og Carol (2015). Ho har òg spelt i filmane Den talentfulle mr. Ripley (1999), Ringdrotten-trilogien (2001–2003), Babel (2006), Den fantastiske historien om Benjamin Button (2008), Hobbiten-trilogien (2012–2014), Eventyret om Askepott (2015), Thor: Ragnarok (2017) og Ocean's 8 (2018).

Blanchett har i tillegg hatt ein lang karrière på scena, og ho har blant anna spelt tittelrollen i Elektra (1992), Ofelia i William Shakespeares tragedie Hamlet (1994), Miranda i Shakespeares Stormen (1995) og Nina i Måken (1996). Ho tok ein kort pause frå teateret før ho kom tilbake i 2004 med tittelrolla i Henrik Ibsen sitt stykke Hedda Gabler. Ho har seinare spelt i teaterstykka En sporvogn til Begjær (2009), Onkel Vanja (2011) og The Present (2015, 2017). Frå 2008 til 2013 var Blanchett administrerande direktør ved Sydney Theatre Company i heimlandet Australia saman med ektemannen Andrew Upton.

Blanchett har fått Hundreårsmedaljen for innsatsen i det australske samfunnet, og vorte utnemnd riddar av den franske ordenen Ordre des Arts et des Lettres. Ho fekk æresdoktorgraden Doctor of Letters frå Macquarie University i 2014 for virket sitt som skodespelar, og velgjerdsarbeid. Blanchett har òg vunne ei rekkje andre heidersprisar for arbeidet som skodespelar, både i heimlandet og utanlands.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Blanchett på opninga av ein Louis Vuitton-butikk i Sydney i 2011.
Foto: Eva Rinaldi

Blanchett vart fødd 14. mai 1969 i forstaden Ivanhoe i Melbourne.[1] Ho er den mellomste av tre barn, og har ein storebror som er dataingeniør, og ein lillesøster som er scenograf.[2] Blanchetts australske mor, June (fødd Gambla), jobba som eigedomsutviklar og lærar, og faren Robert DeWitt Blanchett jr. (frå Texas) tjenestegjorde som kvartermeister i United States Navy og arbeidet seinare som reklameprodusent.[3] Paret møttest då skipet til Blanchetts far måtte søkja hamn i Melbourne. Då Blanchett var ti år gamle døde faren av hjarteinfarkt, og mora måtte oppdra barna sine på eiga hand.[2][4]

I løpet av barndommen likte Blanchett å kle seg i mannsklede, og ho gjekk gjennom både goth- og pønkfasar i tenåra.[2] Ho gjekk på mange skular i oppveksten, men det var på Methodist Ladies' College i Melbourne der ho oppdaga scenekunsten.[5] Ho byrja å studera økonomi og kunst ved University of Melbourne, men hoppa av for å reisa utanlands. I Egypt vart Blanchett spurt om å vera statist som cheerleader i den egyptiske boksefilmen Kaboria. Ho tok jobben på grunn av pengane.[2][6] Då ho reiste attende til Australia søkte ho om ein plass på National Institute of Dramatic Art (NIDA), og ho vart uteksaminert derfrå i 1992.[6][2]

I 1996 møtte ho manusforfattaren Andrew Upton på settet til ein TV-serie.[7] Dei gifta seg 29. desember 1997.[8] Dei har fått fire barn; tre biologiske søner, fødd i høvesvis 2001, 2004 og 2008, og ei adoptivdotter i 2015.[9] Blanchett har sagt at ho ville adoptera helt sidan dei fekk sitt første barn.[10] Dei budde i Brighton i England i nesten ti år, før dei flytta attende til Australia i 2006.[11] Bakgrunnen for dette var å få ein stabil heimstad der borna kunne veksa opp, og for at Blanchett og Upton kunne sjå familiane sine oftare.[12] Paret bestemte seg for å flytta til USA i 2016, men det skulle ikkje vera permanent.[13]

Blanchett har ofte snakka ut om feminisme og politikk, og i 2013 var ho bekymra over at «ei bølgje med konservatisme som feia over verda» ville truga rolla til kvinnene i samfunnet.[14] Ho har òg vore negativ til presset kvinner føler i dagens Hollywood.[15] Blanchett er ambassadør for Det australske filminstituttet, og har engasjert seg i filantropi.[16] Ho har gjeve støtte til organisasjonen SolarAid, og delteke i visepresident Al Gores klimaprosjekt.[17] I 2007 vart ho ambassadør for miljøvernsorganisasjonen Australian Conservation Foundation (ACF), og ho vart seinare utnemnd til æresmedlem for arbeidet sitt.[17]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

1992–2000: Oscar og Lucinda og Elizabeth[endre | endre wikiteksten]

Blanchett si første store teaterrolle var mot Geoffrey Rush i Oleanna for Sydney Theatre Company i 1992. Ho spelte deretter fleire teaterroller i Australia, blant anna Klytaimnestra i Elektra, Felice i Kafka Dances og Ofelia i Hamlet.[18] For rolletolkingane i Kafka Dances og Oleanna vann ho to Sydney Theatre Critics'-prisar for høvesvis beste nykommer og beste kvinnelege hovudrolle.[18] I 1993 spelte ho i miniserien Heartland, om mordet på ein aboriginar, og i 1995 spelte ho mot Hugo Weaving i miniserien Bordertown, om ein flyktningleir etter andre verdskrigen. Blanchett dukka opp i episodar av dei australske TV-seriane Police Rescue og G.P., og spelte hovudrolla i kortfilmen Parklands (1996), om gjenforeininga av ein far og dotter.

Blanchett etablerte seg som ein kjend skodespelar i heimlandet i 1997 med tre filmroller. Spelefilmdebuten hennes kom med krigsfilmen Paradise Road.[4] Blanchett spelte ein australsk sjukepleiar som vert teken til fange av den japanske hæren under andre verdskrigen. Det året fekk ho òg si første hovudrolle i den romantiske dramafilmen Oscar og Lucinda, om to personar som dreg til ein annan verdsdel for å realisera draumane sina. Ho fekk god kritikk for denne rolletolkinga.[6] Blanchett spelte mot Richard Roxburgh i komedien Thank God He Met Lizzie, om bryllaupet til eit kjærestepar (Blanchett og Roxburgh).[6]

Gjennombrotet hennes kom likevel då ho spelte Elisabet I av England i dramafilmen Elizabeth (1998). Filmen tek for seg hendingane før og rett etter at Elisabet I vart krona. Ho fekk god kritikk for rolleskildringa. Liv Jørgensen frå Dagbladet kalla ho «et funn», og roste måten ho gav liv til figuren sin på.[19] Blanchett vann ein Golden Globe og ein BAFTA-pris for rolletolkinga, og vart nominert til ein Screen Actors Guild Award og Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.[18][20] Blant dei mange filmskildringane av Elisabet I er Blanchett den einaste skodespelaren til å nominerast i denne kategorien for denne rolla.[4]

Ho spelte i og produserte den australske kortfilmen Bangers i 1999, som var regissert av ektemannen Andrew Upton.[21][22] Ho spelte òg mot Billy Bob Thornton og Angelina Jolie i komedien Pushing Tin, og rolleskildringa hennar vart utpeikt blant filmkritikarar som det beste ved filmen.[6][23] Blanchett spelte Lady Gertrude Chiltern i komedien Den perfekte ektemann, og den rike jenta Meredith Logue i den psykologiske thrilleren Den talentfulle mr. Ripley, begge i 1999. Sistnemnde handlar om ein skruppelløs ung mann som brukar alle middel for å passa inn i overklassemiljøet. Blanchett fekk god kritikk for rolletolkinga, og vart nominert til ein ny BAFTA-pris for innsatsen.[4] I 2000 spelte ho Lola i dramafilmen The Man Who Cried, og Annie i thrilleren The Gift.

2001–2007: Ringdrotten og The Aviator[endre | endre wikiteksten]

Blanchett fekk ei større tilhengarkare etter at ho spelte alven Galadriel i filmtrilogien Ringdrotten (Ringens brorskap i 2001, To tårn i 2002, Atter en konge i 2003), som var basert på bøkene til J.R.R. Tolkien. Ho vann ein Screen Actors Guild Award og ein Critics' Choice Movie Award for beste ensemble med dei andre skodespelarane i filmserien. I tillegg til Ringens brorskap, hadde ho tre andre filmrollar i 2001. Ho spelte i dramafilmane Charlotte Gray og The Shipping News, og dessutan i krimkomedien Bandits. Ho fekk god kritikk for desse tre rollene, og vart nominert til ein Golden Globe og ein Screen Actors Guild Award for rolletolkinga som husmoren Kate Wheeler i Bandits. I 2002 spelte ho i thrilleren Heaven, om ei engelsk kvinne som tek loven i eigne hende etter at mannen døyr av overdose.

I tillegg til Atter en konge, hadde ho tre andre filmrollar i 2003. Ho vart nominert til ein Independent Spirit Award for rolleskildringa i antologifilmen Coffee and Cigarettes, der ho spelte seg sjølv og den fiktive kusina si Shelly. Blanchett spelte òg tittelrolla i den biografiske filmen Sannhetens time – Historien om Veronica Guerin, om ein journalist som skreiv ei rekkje artiklar om doplangarar. Ho fekk god kritikk, og vart nominert til ein ny Golden Globe for rolleskildringa. The Seattle Timst kalla ho «medrivende», og meinte at ho gav liv i elles uengasjerende replikkar.[24] I 2003 spelte ho òg i westernfilmen The Missing – Bortført.

Blanchett på pressekonferansen til The Good German under filmfestivalen i Berlin i februar 2007.
Foto: Thore Siebrands

I 2004 spelte ho skodespelaren Katharine Hepburn i dramafilmen The Aviator. Filmen handlar om livet til industrimannen Howard Hughes, og Hepurn var blant dei mange elskarinnene hans. Rolletolkinga fekk god kritikk, og Aftenposten og Filmpolitiet kalla rolleskildringa «overbevisende». Blanchett vann ein BAFTA-pris, ein Screen Actors Guild Award og ein Oscar for beste kvinnelege birolle for rolletolkinga. Det året spelte ho òg reporteren Jane Winslett-Richardson i komedien Livet under vann med Steve Zissou, om hemntoktet til ein avdanka filmregissør. Blanchetts einaste filmrolle i 2005 var dramafilmen Little Fish, men kortfilmen Bangers frå 1999 vart utgjeven på nytt som ein del av antologifilmen Stories of Lost Soul sin.[25] Ho spelte òg tittelrolla i Hedda Gabler for Sydney Theatre Company i 2004, og førestillinga vart kjøpt opp av Brooklyn Academy of Music i 2006. Blanchett fekk god kritikk og vann Ibsenstatuetten for rollen.

I 2006 spelte ho i dramafilmen Babel, krigsfilmen The Good German og thrilleren Notes on a Scandal. Babel består av fire historier fordelt på tre ulike stadar i verda, og Blanchett og Brad Pitt spelte eit ektepar i ei av historiene. Når rollefiguren til Blanchett vert skoten, gjev det innverknader på dei andre historiene. I The Good German spelte ho ein jøde som heldt på ein mørk løyndom, og i Notes on a Scandal spelte ho ein kunstlærar som har ein affære med ein 15 år gammal student. Ho fekk god kritikk for innsatsen i dei tre filmane, og spesielt for rolletolkinga i den siste. Dagbladet roste samspelet med Judi Dench, og skreiv at ho «evner å gjøre [figuren] til en tragisk skikkelse i andres følelsers vold», til trass for «lite å spille på».[26] Ho vart nominert til ein Oscar for beste kvinnelege birolle for rollen.

Blanchett hadde tre filmroller i 2007 . Ei av dei var ei cameorolle i politikomedien Hot Fuzz. Ho gjentok òg rolla som Elisabeth I av England for dramafilmen Elizabeth: The Golden Age, om det spanske komplottet om å myrda den britiske dronninga på 1500-talet. Adresseavisa var nøgd, og skreiv at «Blanchett har styrke til å trenge gjennom med sin personlighetsstudie av jomfrudronningen». Bergens Tidende skildra mimikken til skodespelaren, og meinte at skiftningene mellom dei ulike evnene til figuren låg i uttrykket til auga og vekslande drag rundt munnen. Den siste filmen i 2007 var musikkfilmen I'm Not There, der ho skildra Bob Dylan i det internasjonale gjennombrotet hans på 60-talet. Blanchett fekk god kritikk for denne skildringa, og Filmpolitiet kalla ho «overbevisende». Filmkritikaren Roger Ebert kalla filminnsatsen hennar i 2007 eit «skodespelunder», og Blanchett vart nominert til Oscar-prisar for både Elizabeth: The Golden Age og I'm Not There.[27]

2008–2014: En sporvogn til Begjær og Blue Jasmine[endre | endre wikiteksten]

I 2008 spelte Blanchett i eventyrfilmen Indiana Jones og krystallhodeskallens rike, den fjerde filmen om arkeologen Indiana Jones. Ho hadde rolla som hovudskurken Dr. Irina Spalko, ein sovjetisk agent som vil få tak i den legendariske Krystallhodeskallen frå Akator før Jones. Blanchett vart nominert til publikumsprisen People's Choice Award for denne rolla. Ho spelte òg Daisy Fuller i dramafilmen Den fantastiske historien om Benjamin Button. Han er basert på F. Scott Fitzgerald si novelle frå 1920-åra om ein mann som vert fødd når han er i 80-åra og vert eldra baklengs. Dette året hadde ho òg ei stemmerolle i animasjonsfilmen Ponyo på klippen ved havet, og vart administrerande direktør for Sydney Theatre Company. I desember 2008 vart Blanchett tildelt ei Hollywood Walk of Fame-stjerne i Los Angeles.

I 2004 fekk Blanchett hovudrolla i Liv Ullmann si filmatisering av Et dukkehjem, men filmprosjektet vart avlyst i 2007. Blanchett foreslo likevel til Ullmann at ho kunne regissera skodespelet En sporvogn til Begjær i staden, med ho i hovudrolla som Blanche DuBois.[28][29] Stykket hadde premiere i 2009, og Blanchett fekk god kritikk for skildringa. John Lahr frå The New Yorker skreiv: «Blanchett begår ikkje den vanlege feilen å føresjå Blanches slutt i byrjinga av skodespelet; ho gjev Blanche ein langsam, fascinerande tilbakegang. (…) Eg forventar ikkje å sjå ei betre skildring av denne rolla så lenge eg lever.»[30]

I 2010 spelte ho Robin Hood sin kjærast Marion i eventyrfilmen Robin Hood, og i 2011 spelte ho den vonde CIA-agenten Marissa Wiegler i actionthrilleren Hanna. I tillegg til Hanna, hadde ho to teaterrollar i 2011; ho spelte Lotte Kotte i ei ny omsetjing av det tyske teaterstykket Groß und klein, og Yelena i ektemannen Andrew Uptons oppsetning av Anton Tsjekhovs Onkel Vanja.[31][32] Ho fekk god kritikk for rolletolkingane. The Daily Telegraph skreiv følgjande om skildringa i Groß und klein: «[Ho er] jordnær, sårbar, tafatt og morosam. Ho ber stykket med sin skjøre menneskelegheit, og viser ein dugleik for fysisk komedie som er underutnytta i filmrollene hennar.»[33]

Blanchett gjentok rollen som Galadriel for Hobbiten-serien (En uventet reise i 2012, Smaugs ødemark i 2013 og Femhærerslaget i 2014), som tok for seg tida før Ringdrotten. I 2012 hadde ho òg to gjesteroller i animasjonsserien Familien Griffin. Ho gav stemmen til Penelope og Elisabeth II av Storbritannia i høvesvis «Mr. and Mrs. Stewie» og «Family Guy Viewer Mail 2».[34][35] I 2013 spelte ho i kortfilmen «Reunion» som ein del av antologifilmen The Turning, og det vart òg hennar siste år som direktør for Sydney Theatre Company.[36] Det året hadde ho i tillegg ei stemmerolle i dokumentarfilmen The Galapagos Affair: Satan Came to Eden, om ei rekkje uforklarlege dødsfall og forsvinninger på øya Floreana på byrjinga av 1930-åra. Blanchett spelte òg i ein kortfilm for avisa The New York Times.[37]

I 2013 spelte ho tittelrolla i dramafilmen Blue Jasmine, om ei bortskjemd overklassefrue i New York som får livet sitt snudd på hovudet når ektemannen vert avslørt som kriminell. Ho fekk god kritikk for rolleskildringa, og fleire kalla det Blanchetts beste tolking nokosinne.[38] Adresseavisen roste «Blanchetts intense karaktertegning», og skreiv at ho heva filmen til «store høyder».[39] Ho vann ein Critics' Choice Movie Award, ein Screen Actors Guild Award, ein Golden Globe, BAFTA-prisen og ein Oscar for beste kvinnelege hovudrolle for rolletolkinga.[40][41] Blanchett vart dermed den første australiaren til å vinna to Oscar-prisar for skodespel.[42]

I tillegg til Femhærerslaget, hadde Blanchett to andre filmrollar i 2014. Ho spelte mot George Clooney og Matt Damon i krigsfilmen The Monuments Men, og hadde rolla som kuratoren Claire Simone som motvillig må jobba for nazistane under okkupasjonen av Frankrike.[43] Ho fekk blanda kritikk for rolletolkinga. Aftenposten kalla filmvalet Blanchetts einaste feilsteg, men skreiv at det skulda manuset. Ho gav òg stemmen til drakeryttaren Valka i animasjonsfilmen Dragetreneren 2, og hadde ei gjesterolle i det australske Tv-programmet Rake.[44]

2015–i dag: Carol og Broadway-debut[endre | endre wikiteksten]

Blanchett under filmfestivalen i Cannes i mai 2015.
Foto: Georges Biard

Blanchett hadde fem filmrollar i 2015. Ho spelte Nancy i dramafilmen Knight of Cups, om ein plaga manusforfattar, og den vonde stemoreai fantasyfilmen Eventyret om Askepott, som er basert på animasjonsfilmen frå 1950. Blanchett skildra journalisten Mary Mapes i dramafilmen Truth, som handlar om nyhetsankeret Dan Rather som kringkasta ei øydeleggjande sak om presidenten George W. Bush. Ho fekk god kritikk for tolkinga, og Aftenposten skreiv: «Blanchett er energisk, uredd og dominerende i rollen som Mary. Hun er mesterlig når det røyner på for den hardt prøvede produsenten. Den smidige vekslingen mellom pågangsmot og nervøsitet skaper assosiasjoner til hennes rolle i Blue Jasmine.» Ho hadde òg 13 ulike roller i dramafilmen Manifesto.

I 2015 spelte ho òg mot Rooney Mara i dramafilmen Carol, som handlar om to vidt ulike kvinner på byrjinga av 1950-åra som bestemmer seg for å flykta saman. Ho fekk god kritikk for rolleskildringa, og The Daily Telegraph skreiv at «ho på einkvan måte klatrar forbi sin eigen høge standard med ein finesse som er inkje mindre enn fenomenal».[45] Verdens Gang skreiv at «Blanchetts nyansar mellom lidenskap og kjølig eleganse gnistrar i møtet med Mara».[46] Blanchett vart nominert til fleire bransjeprisar for rolla, blant anna ein Golden Globe og Oscar for beste kvinnelege hovudrolle.[47]

Blanchett var forteljaren i Terrence Malicks dokumentarfilm Voyage of Time frå 2016 og spelte Amanda i Malicks dramafilm Song to Song frå 2017. Ho hadde rolla som Anna Petrovna i Anton Tsjekhovs skodespel The Present på Broadway i 2017.[48] Alexis Soloski frå The Guardian skreiv at rollefiguren var «sexy, gammaldags, glupsk, herskesyk, bitande og sint» i Blanchetts hender og kalla rolleskildringa virtuos.[49] Blanchett vart nominert til ein Tony Award for beste kvinnelege hovudrolle i eit skodespel for arbeidet.[50] I 2017 spelte ho òg dødsgudinna Hel i superheltfilmen Thor: Ragnarok.[51]

Blanchett var jurypresident på filmfestivalen i Cannes i mai 2018.[52] I 2018 spelte ho òg Lou i kuppfilmen Ocean's 8, ei nyinnspeling av Ocean's Eleven-serien.[53] Blanchett skal spela ein teikneserieskapar som får kreft i HBO-filmen Cancer Vixen og slangen Kaa gjennom motion capture i ein filmatisering av barneboken Jungelboken.[54] Ho har planlagt å regissera den australske dramaserien Stateless. Denne er basert på livet til Cornelia Rau, som var arrestert i ti månader, skulda for å vera ulovleg innvandrar. Blanchett skal òg spela skodespelaren Lucille Ball i ein biografi om ho og tittelrolla i ei filmatisering av romanen Where'd You Go, Bernadette.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Blanchett har vunne ei rekkje filmprisar i løpet av karrieren. Ho vart Oscar-nominert for rollene i Elizabeth, The Aviator, Notes on a Scandal, I'm Not There, Elizabeth: The Golden Age, Blue Jasmine og Carol, og vann for rolleskildringane i The Aviator og Blue Jasmine. Blanchett har òg fått ni Golden Globe-nominasjonar, og har vunne tre for tolkingane i Elizabeth, I'm Nót There og Blue Jasmine. Ho innehar elles tre British Academy Film Awards (BAFTA-prisar) ut av sju nominasjonar, tre Screen Actors Guild Awards ut av 14 nominasjonar, tre Critics' Choice Movie Awards ut av elleve nominasjonar og tre Independent Spirit Awards ut av fire nominasjonar. Ho har òg vunne Hundreårsmedaljen, og fekk i 2008 ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 2017 vart ho utnemnd til Companion (AC) av Order of Australia.[55]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wilmoth, Peter (2. mars 2008). «Can-do Cate». The Age. Henta 5. desember 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Cate Blanchett on madness, motherhood and working with Woody Allen». The Herald (Glasgow). 20. september 2013. Henta 5. desember 2015. 
  3. «From Hedda to Streetcar to Vanya: The Many Colors of Cate Blanchett». Playbill. 15. juni 2012. Arkivert frå originalen . Henta 5. desember 2015. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «Episode #10.3». Inside the Actors Studio. Episode 3. Bravo. 
  5. «Famous alumni on Latham's hit list». Crikey. Henta 5. desember 2015. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 «Cate Blanchett - Biography». The New York Times. Henta 5. desember 2015. 
  7. «Cate Blanchett: Getting married is insanity». People.com. 12. januar 2007. Henta 5. desember 2015. 
  8. «Cate Blanchett's wedding regrets». Celebrity Bride Guide. 10. desember 2008. Arkivert frå originalen 2015-12-07. Henta 5. desember 2015. 
  9. Pettersen, Jørn (8. mars 2015). «Adopsjonslykke for Hollywoodstjerne». Verdens Gang. Henta 5. desember 2015. 
  10. Milligan, Lauren (31. mars 2015). «When Three Became Four». Vogue. Henta 5. desember 2015. 
  11. Manelis, Michele (18. mai 2015). «Cate Blanchett: A wicked talent». Henta 5. desember 2015. 
  12. Michael Specter (november 2006). «Head First». Vogue. 
  13. «Andrew Upton, Cate Blanchett will move to US at end of year». The Sydney Morning Herald. 22. februar 2015. Henta 5. desember 2015. 
  14. «Cate Blanchett: Equality For Women Being Lost». smh.com. Henta 5. desember 2015. 
  15. «Cate Blanchett: Feminism's Sweetheart». femmagazine.com. Henta 5. desember 2015. 
  16. «AFI - AACTA Ambassador - Cate Blanchett». Australian Academy of Cinema and Television Arts. Henta 5. desember 2015. 
  17. 17,0 17,1 «Blanchett, Catherine (Cate) Elise». Australian Women's Archives Project. Henta 5. desember 2015. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Lahr, John (12. februar 2007). «Disappearing Act». The New Yorker. Henta 28. november 2015. 
  19. Jørgensen, Liv (29. desember 1998). «Severdig om dronning Elizabeth». Dagbladet. Henta 29. november 2015. 
  20. «Cate Blanchett - Hollywood Walk of Fame». Walk of Fame. Henta 5. desember 2015. 
  21. «ANDREW UPTON». University of Sydney. Henta 5. desember 2015. 
  22. «Bangers (1999)». Screen Australia. Henta 29. november 2015. 
  23. Howe, Desson (23. april 1999). «'Pushing Tin': A Bumpy Ride». Washington Post. Henta 29. november 2015. 
  24. Macdonald, Moira (17. oktober 2003). «Cate Blanchett gives a riveting performance in 'Veronica Guerin'». The Seattle Times. Henta 29. november 2015. 
  25. Stories of Lost Souls hos IMDb. Besøkt 12. desember 2015.
  26. Bentzrud, Inger (22. februar 2007). «Gnistrende». Dagbladet. Henta 29. november 2015. 
  27. Roger Ebert (11. oktober 2007). «Elizabeth: The Golden Age Movie Review (2007)». RobetEbert.com. Henta 3. desember 2015. 
  28. «The Charlie Rose Show». Charlie Rose. Episode 8. 10. desember 2009. PBS. Henta 3. desember 2015. 
  29. «Masterclass: Liv Ullmann». Masterclass. Episode 2. 25. april 2010. HBO. Henta 3. desember 2015. 
  30. Lahr, John (14. desember 2009). «Dangerous Liaisons». The New Yorker. Henta 3. desember 2015. 
  31. «Cate Blanchett to Star in Big and Small at London’s Barbican Theatre». Key Brand Entertainment. 30. januar 2012. Henta 3. desember 2015. 
  32. «A LETTER FROM AUSTRALIA: Love Never Dies, Annie, Cate Blanchett, David Williamson and More». Playbill. 1. februar 2012. Henta 3. desember 2015. 
  33. Auld, Tim (27. april 2012). «Big and Small (Gross und Klein) at Barbican, Seven magazine review». The Daily Telegraph. Henta 3. desember 2015. 
  34. «'Family Guy': Cate Blanchett + Stewie + exploding wallet = ? -- EXCLUSIVE VIDEO». Entertainment Weekly. 27. april 2012. Henta 4. desember 2015. 
  35. «A look at movie and TV portrayals of Queen Elizabeth II». Daily News. 9. september 2015. Henta 4. desember 2015. 
  36. «Cate Blanchett on why being CEO is a matter of instinct». Business Review Weekly. 27. juni 2014. Arkivert frå originalen . Henta 3. desember 2015.  Arkivert 23. september 2015 på Wayback Machine.
  37. «Making a Scene». The New York Times. Henta 4. desember 2015. 
  38. «Blue Jasmine». Metacritic. Henta 4. desember 2015. 
  39. Eidsvåg, Terje (8. august 2013). «Kvinne på randen». Adresseavisen. Henta 4. desember 2015. 
  40. «Gravity tops Critics' Choice Movie Awards with seven wins». The Guardian. 17. mars 2013. Henta 4. desember 2015. 
  41. «Priser til Blue Jasmine». The New York Times. Henta 4. desember 2015. 
  42. «Oscars 2014 Winners Room: Cate Blanchett on being the first Australian actress to win two Oscars». YouTube. 16. november 2013. Henta 4. desember 2015. 
  43. «George Clooney Sets Daniel Craig, Bill Murray, Cate Blanchett, Jean Dujardin For WWII Drama ‘The Monuments Men’». Deadline. Henta 4. desember 2015. 
  44. «Cate Blanchett in first TV role for 15 years as a lesbian in ABC's Rake». News.com.au. 2. februar 2014. Henta 4. desember 2015. 
  45. Robey, Tim (26. november 2015). «Carol review: 'Cate Blanchett will slay you'». The Daily Telegraph. Henta 4. desember 2015. 
  46. Maaland, Borghild (10. mars 2016). «Filmanmeldelse: «Carol»». Verdens Gang. Henta 10. mars 2015. 
  47. Ford, Rebecca (14. januar 2016). «Oscar Nominations: The Complete List». The Hollywood Reporter. Henta 14. januar 2016. 
  48. «Cast Set for the Cate Blanchett-Led The Present; Broadway Theater & Dates Announced». Broadway.com. 31. mai 2016. Henta 17. august 2016. 
  49. Alexis Soloski (9. januar 2017). «The Present review – Cate Blanchett dares to find truth in Chekhov’s trickiest play». The Guardian. Henta 8. mai 2017. 
  50. «2017 Tony Award Nominations: The Great Comet and Hello, Dolly! Lead the Pack» (engelsk). Playbill. Henta 8. mai 2017. 
  51. Simonot, Suzanne (4. februar 2016). «Samuel L. Jackson tipped to return to Gold Coast for Thor: Ragnarok». Gold Coast Bulletin. Arkivert frå originalen 2016-02-15. Henta 11. mars 2016. 
  52. Meinich, Karsten (4. januar 2018). «Cate Blanchett blir årets jurypresident i Cannes». Henta 20. februar 2018. 
  53. «Exclusive: Cate Blanchett Is Circling The All-Female ‘Ocean’s Eleven’ Film». The Playlist. 3. juni 2016. Henta 17. august 2016. 
  54. Franich, Darren (20. august 2015). «Cate Blanchett, Christian Bale, others join Andy Serkis' Jungle Book' | Inside Movies | EW.com». Henta 5. desember 2015. 
  55. «Companion (AC) in the General Division of the Order of Australia» (PDF). Australias generalguvernør. Arkivert frå originalen (PDF) 2017-09-23. Henta 23. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Cate Blanchett