Catharina Lysholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Catharina Lysholm

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1744
Trondheim
Død

9. desember 1815 (71 år)
Trondheim

Yrke reiar, forretningsdrivande
Far Hilmar Meincke

Catharina Meincke Lysholm (17449. desember 1815) var ei norsk forretningskvinne og skipsreiar, fødd og død i Trondhjem (Trondheim).

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ho vart fødd inn i familien Meincke, ein av dei mange velståande kjøpmannsfamiliane som innvandra til Trondhjem frå Flensburg i Slesvig. Desse familiane var dels i slekt med kvarandre, dels inngifta i kvarandre sine familiar, og danna størstedelen av Trondhjem sitt handelspatrisiat på 1700-talet.[1]

Ho gifta seg i 1773 med kjøpmann og hoffagent Broder Brodersen Lysholm, som òg var innvandra frå Flensburg i Slesvig. Han hadde løyst borgarskap i Trondhjem i 1761. Lysholm vert omtala som ein av dei viktigaste kjøpmennene i Trondhjem. I tillegg til eigedomen dei hadde i Kjøpmannsgata i Trondhjem, skaffa det nygifte paret Catharina og Broder Lysholm seg ein lystgard på toppen av Steinberget. Denne vart seinare kalla Marienborg. Dei fekk bygd nye hus begge stadar.

Forretningsverksemd[endre | endre wikiteksten]

Som andre privilegerte kvinner på hennar tid, hadde ikkje Lysholm noko yrke utanfor heimen før mannen døydde, men då ho vart enke i 1772 synte ho seg som ei driftig og dugeleg forretningskvinne. Ho heldt fram mannen sin forretning saman med Hans Carl Knudtzon, som i 1777 vart opptekem som kompanjong, og som vart eineinnehavar i 1790.

I tillegg til kjøpmannsverksemd dreiv Lysholm reiarlag, reiparbane og det som vart kalla forleggjerverksemd, som bestod i at firmaet leverte varer til til dømes produksjonen i gruver, og fekk ferdige varer tilbake. Selbu koparverk var eit av verka Lysholm handla med.

Ho stifta Trondhjems Skibsværft saman med broren Henrik Meincke og kjøpmann Peder Falck i 1779. Syskena bidrog med kapital, medan Falck organiserte det heile.[2] Etter stiftinga var ho medeigar i verftet, og fekk fleire eigne skip bygde der, blant anna briggen «Trondhiems Prøve» i 1780. Dette var det første handelsskipet som gjekk med last direkte frå Trondhjem til Aust-India, og med returlast til København.[3] Det var gjennom frakt av brennevin på dette skipet ho fekk æra for å ha oppdaga, eller oppfunne, linjeakevitten, men dette er omdiskutert.[4][5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bratberg, Terje (28. september 2014). «Catharina Lysholm». Norsk biografisk leksikon (på norsk). Henta 3. desember 2017. 
  2. De trondhjemske handelshusene på 1700-tallet : slekt, hushold og forretning. Trondheim. 1998. s. 62. ISBN 8277650272. 
  3. Bull, Ida (1998). De trondhjemske handelshusene på 1700-tallet : slekt, hushold og forretning. Historisk institutt, HF-fakultetet, NTNU. s. 62. ISBN 8277650272. 
  4. Hroar Dege: Historien om de norske akevitter, sjå kapitlet «Med „Prøven“ først over linjen», s. 125–133
  5. Espeland og Mellbye: Til liniens pris, kapittelet «Fra fusel til akevittkunst» s. 16-22
  6. Historia til linjeakevitten er omstridt. Odd Magnar Syversen antyder at oppdaginga skjedde rundt midten av 1800-talet. Sjå Akevitt! : Linjer om Løiten s. 106. Andre kjelder meiner at Lysholm sjølv, eller tanta hans, oppdaga linjeakevitten (Jørgen B. Lysholm. Industrimagnat, gleden og festens inspirator), Historien om de norske akevitter og Til liniens pris).