Cathartes
Cathartes | |
Utbreiing | |
Omtrentleg utbreiing av slekta Cathartes. Grønt indikerer at minst ein art er ein standfugl der, og gult indikerer området der arten kalkunkondor er ein trekkande hekkefugl om sommaren | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
Familie: | Kondorar Cathartidae |
Slekt: | Cathartes Illiger, 1811 |
Artar | |
Kalkunkondor Myrkondor Skogkondor |
Cathartes er ei biologisk slekt av mellomstore til store åtseletande fuglar i kondorfamilien, Cathartidae. Dei tre nolevande artane som for tida er klassifiserte i denne slekta lever over mykje av Amerika sør for ca. 50ºN. På Cuba har ein funne ein fossil Cathartes-art frå kvartærtida.[1]
Cathartes er ei latinisering av det greske ordet καθαρτής, for «reinsar», og refererer til rolla til desse kondorane som «reinsarar» som «ryddar i» nedbrytande kadaver i naturen.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Dei tre kondorane i Cathartes er saman med svartkondor dei minste kondorartane, ca. 50-80 centimeter i kroppslengd og opptil 1,8 meter i vengespenn. Karakteristisk for slekta er mørk brun eller svart fjørdrakt med skjær av grått på undersida av vengefjørene og halen, nakent raudt eller gult hovud og hals med berre små karunklar. Dei skil seg frå alle andre kondorartar med manglande halskrans av lange fjører slik som dei tre største artane har, dei har relativt lengre halar, halsen er alltid trekt inn mot kroppen slik at dei ser ut som halslause. I «vippande» flukt står vengene i ein dihedral vinkel og vengene er generelt smalare enn hos andre kondorar.[2] Alle tre Cathartes-kondorar har store opne nasebor som manglar skiljevegg (septum), lokaliserer åtsel med hjelp av luktesans, og alle er åtseletarar.
Myrkondor har overlappande utbreiing med kalkunkondor i heile utbreiingsområde sitt. Alle tre artane kan leve sympatrisk med kvarandre i eller i utkanten av Amazonasbassenget, men myrkondor og skogkondor overlappar sjeldan.[2] Myrkondorar føretrekkjer å sveveflyge lågt over savannar, i motsetning til det føretrekte skoghabitatet til skogkondoren. Skogkondoren sveveflyg òg langt høgare enn myrkondoren.[3]
Slekt Cathartes med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler.[4]
- Kalkunkondor, Cathartes aura, Turkey Vulture, (Linné, 1758), (LC)
- Vengespenn 1,6-1,8 m, kroppslengde 64-81 cm, vekt rundt 2 kg, utbreiing i frå sørlegaste Canada til Kapp Horn og Falklandsøyane.
Han skil seg frå dei to andre artane med raud berr hud i hovud og hals der dei andre har innslag av gul hud. Kalkunkondor er den største arten i slekta.
Han hekkar i Nord-Amerika sør for ca. 50 °N, i heile Mellom- og Sør-Amerika inkludert Falklandsøyane. Nordlege bestandar er trekkfuglar som trekker så langt som til Sør-Amerika. Fuglen lever i nesten alle typar habitat, men unngår lukka skogsområde.[5]
- Myrkondor, Cathartes burrovianus, Lesser Yellow-headed Vulture, Cassin, 1845, (LC)
- Vengespennet er 148-165 cm,[6] kroppslengde 56-61 cm, vekt ca. 0,8-1,3 kg, utbreiing fragmentert i austlege Mellom-Amerika og austlege Sør-Amerika.
Myrkondoren er den minste av alle kondorar. Han har relativt smale venger.
Arten lever i område med savannar, myrer, grassletter og mangroveskog frå austlege Mexico sørover inn i Argentina, Paraguay og Uruguay.[3]
- Skogkondor, Cathartes melambrotus, Greater Yellow-headed Vulture, Wetmore, 1964, (LC)
- Vengespennet er 166-178 cm,[7] kroppslengde 74-81 cm, vekt ca. 1,5 kg, utbreiing i Amazonas og nærliggande område inkludert landa i Guyanaregionen og austlege Venezuela.
Fuglen er nokså lik myrkondor, men framstår som litt større og meir massiv med mørkare underside, undersida av dei indre handsvingfjørene er mørkare enn undersida av dei andre vengfjørene.
Utbreiinga er avgrensa til Amazonasbassenget.[8]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Den første medlemmen av denne slekta som formelt vart skildra, kalkunkondor, vart namngjeven av Linné som Vultur aura i hans Systema Naturae i 1758,[9] men vart flytta til den noverande slekta introdusert av den tyske zoologen Johann Illiger i 1811.[10] Den andre medlemmen, Cathartes burrovianus blei skildra i 1845 av John Cassin. I 1964 la Alexander Wetmore framlegg om Cathartes melambrotus, splitta ut frå C. burrovianus som ein god art.[11][12] Cathartes er den eine av dei fem slektene med kondorar i den nye verda, og er den einaste slekta i familien som ikkje er monotypisk. Den taksonomiske plasseringa av desse kondorane er framleis uklår.[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cathartes» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2021.
- Referansar
- ↑ Suárez, William; Olson, Storrs L. (21. september 2020). «A new fossil vulture (Cathartidae: Cathartes) from Quaternary asphalt and cave deposits in Cuba». Bulletin of the British Ornithologists' Club 140 (3): 335–343. ISSN 0007-1595. doi:10.25226/bboc.v140i3.2020.a6.
- ↑ 2,0 2,1 Hilty, Stephen L. (1977). A Guide to the Birds of Colombia. Princeton University Press. s. 87. ISBN 0-691-08372-X.
- ↑ 3,0 3,1 Eitniear, J. C. (2020). Lesser Yellow-headed Vulture (Cathartes burrovianus), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.lyhvul1.01
- ↑ Syvertsen, P. O., Bergan, M., Hansen, O. B., Kvam, H., Ree, V. & Syvertsen, Ø. 2020. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening https://www.birdlife.no/fuglekunnskap/navn/
- ↑ Kirk, D. A. og M. J. Mossman (2020). Turkey Vulture (Cathartes aura), version 1.0. I Birds of the World (A. F. Poole og F. B. Gill, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.turvul.01
- ↑ Howell, Steve N.G.; Webb, Sophie (1995). A Guide to the Birds of Mexico and Northern Central America. New York: Oxford University Press. s. 175. ISBN 0-19-854012-4.
- ↑ Ferguson-Lees, James; Christie, David A. (2001). Raptors of the World. Houghton Mifflin Field Guides. s. 86. ISBN 0-618-12762-3.
- ↑ Jones, M. F. (2020). Greater Yellow-headed Vulture (Cathartes melambrotus), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gyhvul1.01
- ↑ Linné, C (1758). Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata. (på latin). Holmiae. (Laurentii Salvii). s. 86. «V. naribus carunculatis, vertice colloque denudate»
- ↑ Illiger, Johann (1811). Prodromus systematis mammalium et avium. Berolini: Sumptibus C. Salfeld. s. 236.
- ↑ Cassin, John. «[untitled]». Proceedings of the Academy of Natural Sciences of Philadelphia 2 (8): 212. «Near Veracruz, Mexico.»
- ↑ Wetmore, Alexander (1964). «A revision of the American vultures of the genus Cathartes». Smithsonian Miscellaneous Collections 146 (6): 15.
- ↑ Remsen, J. V., Jr.; C. D. Cadena; A. Jaramillo; M. Nores; J. F. Pacheco; M. B. Robbins; T. S. Schulenberg; F. G. Stiles; D. F. Stotz & K. J. Zimmer (2007) A classification of the bird species of South America. Arkivert March 2, 2009, ved Wayback Machine. South American Classification Committee]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gary R. Graves, Head color and caruncles of sympatric Cathartes vultures (Aves: Cathartidae) in Guyana and their possible function in intra- and interspecific signaling, Proceedings of the Biological Society of Washington 129:66-75 2016