Cathedral Basilica of St. Louis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fronten på St. Louis-katedralen

Cathedral Basilica of Saint Louis er ein romersk-katolsk katedral i St. Louis i delstaten Missouri i USA. Kyrkja, som har plass til 7 500 menneske og vart teken i bruk i 1914, er soknekyrkje for erkebispedømmet St. Louis. Ho er opptil 69 meter høg.

Katedralen vart bygt for å erstatte den tidlegare St. Louis-katedralen som låg ved Mississippi-elva, og hadde vorte for liten. Byggjearbeidet tok til i mai 1907 og kyrkja vart teken i bruk til gudstenester 18. oktober 1914, men fyrst i juni 1926 vart kyrkja vigsla.

Kyrkja er kjend for sine mange og omfattande mosaikkar på ikring 7 700 kvardatmeter, gravkrypter og ein utandørs-skulptur som vil fremje rettferd og fred mellom rasane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]