Catherine Zeta-Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Catherine Zeta-Jones

Fødd25. september 1969 (54 år)
FødestadSwansea
FødenamnCatherine Zeta Jones
Aktive år1990–
Verka somfjernsynsskodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar, talsperson, dansar, ballettdansar, songar, skodespelar, stemmeskodespelar
MorPat Fair
FarDavid James Jones
EktefelleMichael Douglas
BornCarys Zeta Douglas, Dylan Douglas
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Oscar for beste kvinnelige birolle, Tony Award for Best Actress in a Musical, Broadcast Film Critics Association Award for Best Cast, Screen Actors Guilds utmerkelse for et fremragende ensemble i en spillefilm, Screen Actors Guilds utmerkelse for et fremragende ensemble i en spillefilm, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by a Female Actor in a Supporting Role, BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, Broadcast Film Critics Association Award for Best Supporting Actress, Phoenix Film Critics Society Award for Best Supporting Actress, Drama Desk Award for Outstanding Actress in a Musical, European Film Award – Jameson People's Choice Award – Best Actress, Den britiske imperieordenen, Oscar-prisen, Screen Actors Guild Award, Hasty Pudding Woman of the Year

Catherine Zeta-Jones (fødd 25. september 1969) er ein britisk skodespelar.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Zeta-Jones voks opp i eit typisk arbeidarklasseområde i Swansea i Wales saman med to søsken. Foreldra var Patrick Jones, ein fabrikkarbeidar, og Dia Fair, som hadde irsk og katolsk bakgrunn. Ho fekk ei katolsk oppseding og gjekk på offentleg skule. Namnet har ho fått etter bestemødrene sine: ei heitte Catherine og den andre Zeta.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Zeta-Jones byrja skodespelarkarrieren sin i barndommen. Ho deltok i ein katolsk teatertrupp før ho hadde fylt 10 år, og i 1987 spelte ho i 42nd Street som Peggy Saywer ved West End i London. Deretter reiste ho til Frankrike, der ho fekk spelefilmdebuten sin med hovudrolla i filmen Sheherazade – les 1001 nuits, regissert av Philippe de Broca.

Zeta-Jones prøvde seg som musikkartist i 1992, men den eine singelen ho var med på å gje ut kom aldri inn på hitlistene. Gjennombrotet som skodespelar kom då ho spelte rollen som Mariette i den britiske TV-serien Livet med Larkins. Med dei amerikanske filmane Zorro – Den maskerte hevner (1998) med Antonio Banderas og Entrapment (1999) med Sean Connery vart ho òg kjend utanfor Storbritannia. Zeta-Jones vann ein Oscar for beste kvinnelege birolle for si rolle som Velma Kelly i filmmusikalen Chicago (2002). I 2009 debuterte ho på Broadway i musikalen Sommernattmusikk, som ho vann Tony-prisen og Drama Desk-prisen for beste kvinnelege hovudrolle for.

I tillegg til skodespelarkarrieren har Zeta-Jones jobba som talskvinne for mobiltelefonoperatøren T-Mobile, og ho er i dag global talskvinne for kosmetikkgiganten Elizabeth Arden.

Ved fødselsdagslista til dronninga for 2010 vart Zeta-Jones utnemnd til kommandør av Order of the British Empire for fortenester av filmindustrien og velgjerd.[1]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Zeta-Jones er gift med skodespelaren Michael Douglas. Dei gifta seg i New York 18. november 2000, og saman har dei to barn. Zeta-Jones er fødd på same dato som Douglas, men han er 25 år eldre enn henne. Den eldste av dei to barna, sonen Dylan Michael Douglas, vart fødd 8. august 2000. Medan ho gjekk gravid med han spelte Zeta-Jones inn filmen Traffic saman med Douglas. Dottera Carys Zeta Douglas vart fødd 20. april 2003. Zeta-Jones har uttalt at ho ønskjer at barna skal vera medvitne den walisiske bakgrunnen sin, og ho har bygd ein heim for familien i heimbyen sin Swansea.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Film og fjernsyn
År Tittel Rolle Merknad
1990 Sheherazade – les 1001 nuits Sheherazade
1991–1993 Livet med Larkins Mariette Alle episodar
1992 Christopher Columbus – Eventyreren Beatriz
1993 En arving for mye Kitty
The Young Indiana Jones Chronicles Maya 1 episode
1994 The Cinder Path Victoria Chapman Miniserie
En mann vender hjem Eustacia Vye TV-film
1995 Blue Juice Chloe
1996 Katharina die Grosse Katarina II TV-film
Fantomet – ånden som går Sala
Titanic Isabella Paradine Miniserie
1998 Zorro – Den maskerte hemnar Eléna (De La Vega) Montero
1999 Entrapment Virginia Bakar
  • Blockbuster Entertainment Award for kvinnelige favorittskuespiller – Action
  • European Film Award for beste kvinnelige skuespiller
  • Nominert – Golden Raspberry Award for verste kvinnelege skodespelar
  • Nominert – Golden Raspberry Award for verste filmpar (med Sean Connery)
Hjemsøkt Theo
  • Nominert – Blockbuster Entertainment Award for kvinnelege favorittskodespelar – Skrekk
  • Nominert – Golden Raspberry Award for verste kvinnelige skodespelar
  • Nominert – Golden Raspberry Award for verste filmpar (med Lili Taylor)
2000 High Fidelity Charlie Nicholson
Traffic Helena Ayala
2001 America's Sweethearts Gwen Harrison
2002 Chicago Velma Kelly
2003 Sinbad: Legenden på de syv hav Marina Stemme
Intolerable Cruelty Marylin
2004 Terminalen Amelia Warren
Ocean's Twelve Isabel Lahiri Nominert – Critics' Choice Movie Award for beste skodespelarensemble
2005 The Legend of Zorro Eléna (De La Vega) Montero Nominert – People's Choice Award for kvinnelege favorittactionstjerne
2007 Kjærlighet på menyen Kate Armstrong
Death Defying Acts Mary McGarvie
2009 The Rebound Sandy
2012 Lay the Favorite Tulip Heimowitz
Rock of Ages Patricia Whitmore
Playing for Keeps Denise
2013 Broken City Cathleen Hostetler
Side Effects Dr. Victoria Siebert
Red 2 Katya Petrokovich
2016 Dad's Army Rose Winters

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Queen's Birthday Honours List 2010» (PDF). directgov.gov.uk. Arkivert frå originalen (PDF) 11. juni 2011. Henta 12. juni 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Catherine Zeta-Jones