Catherine av Cambridge
Catherine av Cambridge | |
![]() | |
Fødd | Catherine Elizabeth Middleton 9. januar 1982 Berkshire i England i Storbritannia |
---|---|
Tittel | Hertuginne av Cambridge |
Alle titlar | Duchess of Cambridge, Earl of Strathearn, Duchess of Cornwall, Princess of Wales |
Fullt namn | Catherine Elizabeth |
Hus eller slekt | Fyrstehuset Windsor, family of Catherine, Princess of Wales |
Land | Storbritannia |
Mor | Carole Middleton |
Far | Michael Middleton |
Ektefelle | William av Cambridge |
Barn | George av Cambridge, Charlotte av Cambridge, Louis av Storbritannia |
Hertuginne Catherine av Cambridge (fødd Catherine Elizabeth Middleton, 9. januar 1982), før ho blei gift kjend som Kate Middleton, er kona til prins William, hertug av Cambridge, som er nummer to i den britiske tronfylgja.
Kate Middleton kjem frå Berkshire, og er eldst av tre sysken. Ho trefte prins William på University of St Andrews i Skottland, og dei var kjærastar i fleire år. Trulovinga vart kunngjort den 16. november 2010, og bryllaupet stod i Westminster Abbey den 29. april 2011. Trulovingsringen som Kate fekk av William, er den same som prinsesse Diana av Wales hadde.
Den 22. juli 2013 vart Catherine og William foreldre til George av Cambridge, og 2. mai 2015 vart dei foreldre til Charlotte av Cambridge.[1]
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Royal Birth of a daughter» (engelsk). The Duke and Duchess of Cambridge. 2. mai 2015. Henta 20. juni 2015.