Cathy Lesurf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cathy Lesurf
Fødd1953
OpphavStorbritannia
SjangerFolk
Tilknytte artistarOyster Ceilidh Band, Fidler's Dram, Fairport Convention, Strawbs, The Albion Country Band

Cathy Lesurf (fødd 1957) er ein britisk visesongar frå Stevenage i Hertfordshire.[1] Frå slutten av 1970-åra og gjennom 1980-talet var ho medlem av band som Oyster Ceilidh Band, Fidler's Dram, Fairport Convention, Strawbs og The Albion Country Band.[1][2][3] Ho gav ut eit soloalbum, Surface, i 1985.[4] Ho skapte og dreiv festivalen World in 1 County frå 2002 til 2007.[5] I november 2009 gav ho ut solosingelen «This Christmas»,[1] skriven av ektemannen David Wilson.[6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum
  • Surface (1985)
Solosinglar
  • «This Christmas» (2009)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Stevenage singer tipped for number one slot». The Comet. 12 November 2009. Henta 1. februar 2011. 
  2. «A Brief Albion Band History». toadinthehole.org.uk. Henta 1. februar 2011. 
  3. «What becomes of the one-hit wonders?». guardian.co.uk. Henta 1. februar 2011. 
  4. «CATHY LESURF (LP) - Surface». musicfolk. Henta 1. februar 2011. 
  5. «Event previews: World in 1 County». BBC Online. 10 June 2005. Henta 1. februar 2011. 
  6. «Cathy's X-Factor Xmas challenge». BBC News Online. 11 November 2009. Henta 1. februar 2011.