Cato Sverdrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cato Sverdrup
Fødd9. april 1896
Død9. april 1948 (52 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
BarnCato F. Sverdrup
Alle verv

Cato Andreas Sverdrup (9. april 18969. april 1948) var ein norsk væreigar i Reine i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Høgre i perioden mellom 1937 og 1948.

Far til Sverdrup var væreigar på Reine i Lofoten. Sjølv tok Cato Sverdrup og broren Sofus i 1917 over drifta av faren si handelsforretning under namnet S. & C. Sverdrup. Firmaet dreiv fiskeeksport, trandamperi, reiarverksemd og styrte fiskeværet Reine. I 1940 vart forretninga ført vidare som Sverdrup & Sverdrup. Under andre verdskrigen gjorde Cato Sverdrup teneste i Sjøforsvaret som sersjant og kapteinløytnant.

Sverdrup hadde gjennom åra ei rad med styre- og tillitsverv. Mellom anna var han formann 1919–1941 i Flakstad og Moskenes assuranseforening, 1931–1935 i Lofotens Handelsstands Forening, 1937–1940 i Norges tørrfiskeksportørers landsforening, medlem 1945–1948 i Norges Eksportråd og 1946–1948 styremedlem i AS Vesteraalens Dampskibsselskab.

Frå 1930 var Sverdrup medlem i landstyret til partiet Høgre og frå 1934 sat han òg i sentralstyret. Hausten 1936 vart han vald til stortingsmann frå Nordland, attvald i 1945. På Stortinget var Sverdrup medlem i Sjøfarts- og fiskerikomitéen og sentral i partileiinga til han døydde i 1948. I 1934 vart han utpeikt til medlem i Fiskerikomiteen av 1934.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]