Cato den eldre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marcus Porcius Cato (latin M·PORCIVS·M·F·CATO)
Patrizio Torlonia.jpg
Fødd 234 f.Kr.
Tusculum
Død

149 f.Kr.
Roma

Cato den eldre på Commons

Marcus Porcius Cato (234 f.Kr.-149 f.Kr.) var ein romersk statsmann, ofte kalla «Censoren», Sapiens, Priscus, eller «Den eldre» for å skilje han frå Cato «Den yngre», som var oldebarnet hans.

Han var av ei gamal plebeiarfamilie, som var kjend for nokre militære embete, men ikkje kjend for høgare embete i republikken. Han blei oppdregen i tråd med sine latinske forfedrar, til landbruket, som han vigde tida si til, når han ikkje var i militæret. Men etter å ha lagt merke av Lucius Valerius Flaccus, blei han henta til Roma, der han kom til å ha alle embeta i Cursus Honorum: Tribun i 214 f.Kr., kvestor i 204 f.Kr., aedil i 199 f.Kr., pretor i 198 f.Kr., konsul i 195 f.Kr. saman med sin gamle patron Lucius Valerius Flaccus, og til slutt sensor i 184 f.Kr.

Cato den eldre er kjend for å ha avslutta sine talar i senatet med den berømte setninga Ceterum censeo Carthaginem esse delendam, som betyr «Dessutan meiner eg at Karthago bør øydeleggast».

Skriftlege verk[endre | endre wikiteksten]

  • Origines
  • De agri cultura
  • Orationes
  • De re militari
  • De lege ad pontifices auguresque spectanti
  • Praecepta ad filium
  • Historia Romana litteris magnis conscripta
  • Carmen de moribus
  • Apophthegmata

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Astin, A. E. (1978), Cato the Censor, Oxford: Clarendon Press
  • Dalby, Andrew (1998), Cato: On Farming, Totnes: Prospect Books, ISBN 0-907325-80-7
  • Goujard, R. (1975), Caton: De l'agriculture, Paris: Les Belles Lettres